torsdag 8. juli 2010

Det er viktig å ha låge kommunale avgifter.


På grunnlag av KOSTRA-tal og ei undersøking frå Huseigaranes Landsforbund, presenterte NRK Sogn og Fjordane den 07.07.2010 ei liste over dei kommunale avgiftene i Sogn og Fjordane. Oversikta syner kor mykje kommunane krev i kommunale avgifter - det vil seie avgifter for vatn, kloakk, renovasjon og feiing.

I denne undersøkinga ligg Stryn på 5. plass i fylket. Resultatet for dei fem kommunane i fylket med rimlegaste avgifter samt alle Nordfjordkommunane følgjer under:

Årdal kommune kr 7178
Naustdal kommune kr 8114
Flora kommune kr 8629
Lærdal kommune kr 9163
Stryn kommune kr 9189
…………..
Eid kommune kr 10288
Bremanger kommune kr 10859
Selje kommune kr 10887
Gloppen kommune kr 10893
Vågsøy kommune kr 12340
Hornindal kommune kr 12848

Eg er nøgd med at Stryn ligg på 5. plass i fylket i denne undersøkinga. Likevel har vi utfordringar på dette fagfeltet i tida framover. Det er ingen grunn til å kvile på ”laurbæra”.
Vi må sjølvsagt framleis arbeide for å finne gode og tenelege løysingar på desse tekniske fagområda. Det er viktig å halde kostnadssida nede slik at innbyggarane får gode tenester til ein rimelegast mogleg pris.
Statistikken er ikkje fullstendig. Den gir ikkje oversikt over barnehageprisane og prisane på skulefritidsordninga. Storleiken på eigedomsskatten kjem heller ikkje fram. Det er viktig å ta desse elementa med i vurderinga av skatte- og avgiftsnivået i dei ulike kommunane. Statistikken seier heller ikkje noko om kva kvalitet tenestene har.

Elles er det verd å merke seg at avgiftene på desse tenestene skal bygge på sjølvkostprinsippet. Over tid skal det såleis vere balanse mellom utgifter og inntekter på desse områda.
Kommunane har såleis ikkje høve til å auke avgiftene for å finansiere andre kommunale tenester. Med andre ord kan kommunane ikkje ”sko seg” på høge gebyr og avgifter.

Under kan Du lese meir om undersøkinga:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7199015
http://www.huseierne.no/Nyheter/Kommunale-gebyrer-opp-55-prosent-/

Stryn 08.07.2010

Nils Støyva
-ordførar-




Fjernvarme gir rein energi

Onsdag 07.07.2010 hadde underteikna innlegg på årsmøtet til Sogn og Fjordane Skogeigarlag. Etter ei generell orientering om Stryn kommune, gav ei grundig innføring i drifta ved Stryn Fjernvarme.
I innlegget mitt stilte eg følgjande spørsmål: Kvifor meinar eg at eit fjernvarme/biobrenselanlegg er (var) viktig for Stryn?
•Stor tilvekst (45.000 m3)av skog som ikkje blir avvirka (10-15.000m3)
•Mykje kapp og hun frå treindustri og sagbruk blir ikkje utnytta
•Energi er ein knappheitsfaktor •Fjernvarme er ei fornybar energikilde •Stryn v.g. skule kunne spare investeringar
•Kutte ut oljefyring i 16 bygg i sentrum og dermed spare utslepp av klimagassar
•Truleg er eit fjernvarmeanlegg i Stryn sentrum det mest effektive miljøtiltaket Stryn kommune kan sette i verk

Resten av innlegget kan du lese på heimesida til Stryn kommune:
http://www.stryn.kommune.no/Artikkel.aspx?AId=3450&back=1&MId1=467&MId2=&MId3=&

onsdag 7. juli 2010

Stad skipstunnel

Samferdsle og kommunikasjon er ei av dei sakene som engasjerer mest på Vestlandet. Stad Skipstunnel er i ei særklasse blant desse. Prosjektet ber i seg element av miljøgevinst, arbeidsmarknadsbygging, kollektiv transport, tilrettelegging av ”gods til sjø”, mulegheita for næringsliv og reiseliv mv. Prosjektet er i tillegg av ein slik art at det truleg vil vere ein verdssensasjon som vil sette Noreg på kartet på ein svært positiv måte.

Saka må ut av dei byråkratiske skuffene.

Arbeidarpartiet sine fylkesparti på Vestlandet har gjennom årsmøtevedtak eller andre vedtak gitt si klare tilslutning til bygging av Stad Skipstunnel.

I NTP 2010-2019 er det sett av 200 mill. kr. i startløyving. Det er ein føresetnad for oppstart at KS1 viser at prosjektet har positiv samfunnsmessig nytte. Kystverket har i si Konseptvalsutgreiing av november 2007 konkludert med at prosjektet (stor versjon) er nær balansepunktet for positiv kost/nytte faktor før verknaden av nærings- og reiselivsrelaterte tilhøve er lagt inn.

På denne bakgrunn har Stortinget bede om at prosjektet vert eksternt kvalitetssikra gjennom ein såkalla KS1-gjennomgang. Denne gjennomgangen må vere avslutta før Stortinget kan ta endeleg avgjerd i saka.

Nemnde KS1-utgreiing av Kystverket si konseptvalsutgreiing (KVU) skulle vere ferdig innan 2009. Dette skjedde ikkje.

4 månader seinare melder Fiskeridepartementet at saka må attende til Kystverket for vidare utgreiing (altså: ny runde med KVU). Denne nye runden med utgreiingar har skapt stor frustrasjon blant folk på Vestlandet. Alle oppfattar utspelet som nok ei utsetting av ei sak som er til dei grader overutgreidd.

Det folk på kysten av Vestlandet fryktar er at det no er lagt opp til ein prosess der ein nok ein gong skuvar denne viktige saka ut i ei uviss framtid.

Tidlegare regjeringar sit med eit stort ansvar for manglande framdrift i dette prosjektet. Arbeidarpartiet har teke tak og sørga for framdrift i saka. Men saka må ikkje no stoppe opp ved at den vert sendt ut på nye rundar med utgreiing.


Med helsing


Sign. Sign. Sign.
Nils Støyva Trond Seth Sveinung Valle Frode Berge
-fylkesleiar i SF- -fylkesleiar i M.- -fylkesleiar i H.- -fylkesleiar i R.-

tirsdag 15. juni 2010

BOMPENGAR OLDEN – INNVIK.

BOMPENGAR OLDEN – INNVIK.


Framlegg frå Per Kjøllesdal (Sp) /Nils P. Støyva (Ap):

Stryn kommune går inn for å utforme bompengesøknad under føresetnad av at:

A. Bompengeavgifta blir på same nivå som bompengeavgifta i Fatlatunellen – kr. 28,-.
B. Saka må handsamast så fort at det kan pågå kontinuerleg anleggsdrift
fram til ferdigstilling av vegen.
C. Bompengesprosjektet må omfatte heile strekninga Olden-Innvik.
D. Det skal – fram mot k.møtet den 29.06.2010 –
utgreiast nærare mogleghietene for rabattordningar for lokalbefolkninga


Framlegg frå H og Krf:

Stryn kommune går mot at FV 60 Olden-Innvik vert utbetra med bompengefinansiering.
Det er nødvenidg at det vert løyvt offentlege midlar slik at utbetringsarbeidet kan halde fram.


Framlegget til H og Krf fekk 5 røyster og vart vedteke.
Framlegget til Støyva og Kjøllesdal fekk 2 stemmer og vart forkasta.

torsdag 10. juni 2010

Rammevilkåra til den kraftforeldande industrien må sikrast.






I vårt fylke er industrien viktig for sysselsettinga og for mange lokalsamfunn. Vi har ein allsidig industri med mange tilsette, i tillegg kjem underleverandørar og alle andre som leverer varer og tenester til desse verksemdene. På mange måtar er mange av desse verksemdene lokomotiv i samfunnet og innanfor enkelte bransjar. Samarbeidskomiteen har tidligare påpeika utfordringane innanfor skipsindustrien.

Ein annan industri i fylket er den kraftforedlande industrien. Nedgangen av industriarbeidsplassar i fylket dei siste åra viser at det er nødvendig å rette fokus mot denne næringa òg. Innanfor den kraftforedlande industrien må vi ha rammevilkår som kan sikre og utvikle verksemdene i fylket.

For å få nye investeringar i denne industrien må det leggast til rette for langsiktige industrikraftkontraktar på same vilkår som fleire EU land allereie har, og få utvida støtteordningar for energieffektivisering. I tillegg må industrien sikrast like CO2 kvotereglar, dette for å unngå karbonlekkasje og auka globale CO2 utslepp, samt konkurranse og kompensasjonsordningar som tilsvarande industrien i EU landa.

Norsk prosessindustri har lågare utslepp enn kva vi finn andre stader i verda. Det er lite klimavenleg dersom aluminiums- eller silisiumforbruket i verda går ned.

Dei største utsleppa i samband med metallproduksjon handlar om kva energikjelder dei brukar. Norsk aluminiumsproduksjon basert på vasskraft slepp ut om lag 1,9 tonn CO2 pr. tonn produsert aluminium. Aluminiumsproduksjon på kolkraft fører til utslepp på heile 15,3 tonn CO2 pr. tonn aluminium.

Vasskrafta er den reinaste industrikrafta, og vi må kunne utnytte dette også i framtida. Vi må også ta vare på den kunnskapen og kompetansen som er tileigna gjennom lang tid her i fylket

Nye investeringar innanfor denne industrien må sikrast.



Helsing Samarbeidskomiteen mellom Sogn og Fjordane Arbeidarparti
og LO i Sogn og Fjordane


Nils P. Støyva
Fylkespartileiar


Arvid Langeland
Los Distriktsekretær



søndag 30. mai 2010

Opning av opplevingspunktet Øvstefoss.



Gamle Strynefjellsvegen er eit over 100 år gammalt veg- og kulturminne. Mellom Skjåk og Stryn var det frå gammalt av fleire kløv- og ridevegar. Det var tungt og det gjekk seint å ta seg fram. I 1881 kom vedtaket om å byggje veg mellom Grotli og Hjelle. Svenske rallarar og bygdefolk frå begge sidene av fjellet var med på det harde anleggsarbeidet. I 1894 stod vegen klar til bruk, som eit meisterverk innan vegbygging og ingeniørkunst.

I 1978 blei Gamle Strynefjellsvegen avløyst av ein heilårsveg med tre tunnelar, men utsyn og vidsyn er det framleis gamlevegen som gir. Naturen er kontrastrik langs strekninga med istida sine avrunda former i aust og ein meir bratt, stupande topografi mot vest.

Gamle Strynefjellsvegen er vinterstengt og opnar i juni. Heilt fram til 1950-talet blei brøytinga av vegen gjort med handmakt. 200 mann spadde seg milevis fram med fleire meter høge brøytekantar bak seg, men det er veghistorie. I dag bles moderne snøfresarar vegen rein for snø på nokre dagar.

Ved Tystigen ligg Stryn Sommarskisenter som hadde sesongopning for tre dagar sidan.

På 1990-talet vart gamle Strynefjellsvegen Nasjonal turistveg. Det vart gjennomført ei rekkje tiltak lang vegen slik at turistane skulle høve til opplevingar langs vegen. Strekninga mellom Grotli og Videsæter er 27 kilometer lang. Seinare er den turistvegen forlenge til Hjelle.

Siste Haust og denne våren har Statens Vegvesen/Nasjonale turistvegar jobba mykje med å legge til rette opplevingspunktet ved Øvstefoss. Denne punktet ligg i Videsvingane nokre hundre meter nedanfor krysset der gamle Strynefjellsvegen tek av.

I dette området renn elva i stride fossar og stryk ned gjennom eit trongt gjøl. Stien ned til dei ulike utsiktspunkta er sikra med om lag 150 meter med rekkverk. Sjølve opplevingspunkta er godt tilrettelagde og trygge. Frå desse opplevingspunkta vil Du kunne sjå den spektakulære Øvstefossen og gjølet vidare nedgjennom elva.


Fredag 28.05.2010 vart den nye attraksjonen offisielt opna. Stryn kommune, Statens Vegvesen og turistnæringa var med på markeringa. Strynebedrifta Stryvo har vore entreprenør på anlegget. Dagleg leiar Jostein Bø var også med på opninga.



Sjå elles denne linken:
http://www.turistveg.no/modules/module_123/proxy.asp?C=89&I=110&D=2


Stryn 30.05.2010.


Nils Støyva
-ordførar-

søndag 16. mai 2010

Slå ring om pappapermisjonen.

Høgre sitt landsmøte vedtok for kort tid sidan å fjerne pappapermisjonen. Tidlegare har Framstegspartiet gått inn for det same. Desse vedtaka er svært skuffande og er eit dramatisk steg i feil retning. Fedrekvoten eller pappapermisjonen er ein rett fedrane har til å ta ut 10 veker permisjon i samband med fødsel. Denne retten har blitt til etter mange år med politisk kamp. Arbeidarpartiet har stått i front for denne kampen.

Denne retten har vore eit viktig bidrag i kampen for likestilling i samfunnet. Den har gjort at fedrane har teke mykje meir ansvar på heimebane noko som tener både far, mor og barn. Fedrepermisjonen er også viktig for likestillinga i arbeidslivet. Difor vil fjerning av fedrekvoten også svekke kvinnene i kampen om likeløn.

Etter mitt syn er det viktig at barnet får oppleve far heime over ein lengre periode. Det er sjølvsagt viktig at far tek ansvar i kvardagen. Men det er ikkje det same som at far er heime på heiltid over ein lenger periode.

Høgre vil ta vekk denne retten fordi familiane skal få større valfridom. Gjennom å auke den såkalla valfridomen, set ein etter mitt syn likestillinga mange tiår tilbake i tid. Noko som igjen fører til at kvinne blir taparar. Arbeidarpartiet vil kjempe mot framlegget frå Høgre. Dette kan ein best gjere ved å slå ring om pappapermisjonen og arbeide for at fedrekvoten vert utvida.

Nils Støyva
-fylkesleiar i Ap-