søndag 30. mai 2010

Opning av opplevingspunktet Øvstefoss.



Gamle Strynefjellsvegen er eit over 100 år gammalt veg- og kulturminne. Mellom Skjåk og Stryn var det frå gammalt av fleire kløv- og ridevegar. Det var tungt og det gjekk seint å ta seg fram. I 1881 kom vedtaket om å byggje veg mellom Grotli og Hjelle. Svenske rallarar og bygdefolk frå begge sidene av fjellet var med på det harde anleggsarbeidet. I 1894 stod vegen klar til bruk, som eit meisterverk innan vegbygging og ingeniørkunst.

I 1978 blei Gamle Strynefjellsvegen avløyst av ein heilårsveg med tre tunnelar, men utsyn og vidsyn er det framleis gamlevegen som gir. Naturen er kontrastrik langs strekninga med istida sine avrunda former i aust og ein meir bratt, stupande topografi mot vest.

Gamle Strynefjellsvegen er vinterstengt og opnar i juni. Heilt fram til 1950-talet blei brøytinga av vegen gjort med handmakt. 200 mann spadde seg milevis fram med fleire meter høge brøytekantar bak seg, men det er veghistorie. I dag bles moderne snøfresarar vegen rein for snø på nokre dagar.

Ved Tystigen ligg Stryn Sommarskisenter som hadde sesongopning for tre dagar sidan.

På 1990-talet vart gamle Strynefjellsvegen Nasjonal turistveg. Det vart gjennomført ei rekkje tiltak lang vegen slik at turistane skulle høve til opplevingar langs vegen. Strekninga mellom Grotli og Videsæter er 27 kilometer lang. Seinare er den turistvegen forlenge til Hjelle.

Siste Haust og denne våren har Statens Vegvesen/Nasjonale turistvegar jobba mykje med å legge til rette opplevingspunktet ved Øvstefoss. Denne punktet ligg i Videsvingane nokre hundre meter nedanfor krysset der gamle Strynefjellsvegen tek av.

I dette området renn elva i stride fossar og stryk ned gjennom eit trongt gjøl. Stien ned til dei ulike utsiktspunkta er sikra med om lag 150 meter med rekkverk. Sjølve opplevingspunkta er godt tilrettelagde og trygge. Frå desse opplevingspunkta vil Du kunne sjå den spektakulære Øvstefossen og gjølet vidare nedgjennom elva.


Fredag 28.05.2010 vart den nye attraksjonen offisielt opna. Stryn kommune, Statens Vegvesen og turistnæringa var med på markeringa. Strynebedrifta Stryvo har vore entreprenør på anlegget. Dagleg leiar Jostein Bø var også med på opninga.



Sjå elles denne linken:
http://www.turistveg.no/modules/module_123/proxy.asp?C=89&I=110&D=2


Stryn 30.05.2010.


Nils Støyva
-ordførar-

søndag 16. mai 2010

Slå ring om pappapermisjonen.

Høgre sitt landsmøte vedtok for kort tid sidan å fjerne pappapermisjonen. Tidlegare har Framstegspartiet gått inn for det same. Desse vedtaka er svært skuffande og er eit dramatisk steg i feil retning. Fedrekvoten eller pappapermisjonen er ein rett fedrane har til å ta ut 10 veker permisjon i samband med fødsel. Denne retten har blitt til etter mange år med politisk kamp. Arbeidarpartiet har stått i front for denne kampen.

Denne retten har vore eit viktig bidrag i kampen for likestilling i samfunnet. Den har gjort at fedrane har teke mykje meir ansvar på heimebane noko som tener både far, mor og barn. Fedrepermisjonen er også viktig for likestillinga i arbeidslivet. Difor vil fjerning av fedrekvoten også svekke kvinnene i kampen om likeløn.

Etter mitt syn er det viktig at barnet får oppleve far heime over ein lengre periode. Det er sjølvsagt viktig at far tek ansvar i kvardagen. Men det er ikkje det same som at far er heime på heiltid over ein lenger periode.

Høgre vil ta vekk denne retten fordi familiane skal få større valfridom. Gjennom å auke den såkalla valfridomen, set ein etter mitt syn likestillinga mange tiår tilbake i tid. Noko som igjen fører til at kvinne blir taparar. Arbeidarpartiet vil kjempe mot framlegget frå Høgre. Dette kan ein best gjere ved å slå ring om pappapermisjonen og arbeide for at fedrekvoten vert utvida.

Nils Støyva
-fylkesleiar i Ap-