søndag 5. desember 2010

Arne M. Sølvberg er tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv



Arne M. Sølvberg frå Fjelli i Stryn kommune fekk går kveld tildelt H. M. Kongens Fortenestemedalje i sølv. Tildelinga skjedde i ungdomshuset Fjellvarden i samband med ein konsert for å markere at han Arne ”på Bøna” har runda 60 år. Det er Fjelljom Spelemannslag og med støtte frå Stryn kommune som står bak søknaden om utmerkinga..

Arne er fødd 30.11.1950. Han har gjennom eit langt og svært aktivt liv sett sterke spor etter seg i norsk folkemusikk, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Arne M.Sølvberg har vore ein av dei sterkaste drivkreftene for utvikling av folkemusikken i landet vårt dei siste 30-40 åra.

Han tok utdanning gjennom forsvaret. Etter nokre år med arbeid i Oslo, flytte Arne heim og overtok farsgarden på Fjelli i 1979. Gjennom sin stå på vilje og sitt sterke engasjement for folkemusikken, både som spelemann, komponist, dansar og instruktør, kan vi trygt slå fast at Arne M. Sølvberg har vore ein svært sentral person i norsk folkemusikk dei siste 40 åra.

Eg vil også trekke fram Arne sitt store engasjement i samfunnsbygging og politikk. Han har vore aktiv sauebonde, politikar, lagsarbeidar og skribent.
Arne har vore musikalsk leiar for Fjelljom sidan 1979. Han også har vore administrativ leiar for laget mest heile tida. Fjelljom er einaste spelemannslaget i Stryn, og medlemane kjem frå dei fleste bygdene i kommunen.

Det Arne M. Sølvberg er mest kjend for, er aktivitet innan folkemusikk og dans.
Eg vil spesielt trekkje fram følgjande område der han har utført ein jobb av både nasjonal og internasjonal verdi:
- Han er ein av dei få A-klassingar i kappleiksystemet både på hardingfele, vanleg fele og dans
- Han har vunne Landskappleiken på vanleg fele i 1989, og dans, saman med kona i 2004
- Undervisning på Ole Bull-akademiet på Voss, vanleg fele
- Sensor ved eksamen, Musikkhøgskulen i Oslo og Ole Bull-akademiet på Voss
- Har vore i styret for Landslaget for spelemenn
- Har vore leiar i Rådet for folkemusikk og dans, Trondheim (2004-2007)
- Fekk Spellemannsprisen for CD-en ”Nordfjordslåttar”
- Nominert til Spellemannsprisen 1990 saman med Øyvind Lyslo for ”Syngande strenger”
- Fekk oppdrag frå Landslaget for spelemenn og Noregs Ungdomslag å lage ein melodi til Kong Olav sin 80-årsdag
- Kongeslåtten vart spelt utanfor slottet i Oslo 2. juli 1983, med 150 spelemenn
- Representert fleire departement og organisasjonar i utlandet ved ei rekkje høve

Innsatsen som Arne M. Sølvberg har lagt ned for folkemusikken generelt, står det svært stor respekt av. Han har gjennom sin innsats og sitt engasjement og sin produksjon lagt ned ein innsats av særleg stor verdi for utviklinga av folkemusikken i fylket og landet. Han er å sjå på som ein av dei fremste folkemusikarane i landet og Kongens fortenestemedalje i sølv er svært fortent. Eg ynskjer lukke til med arbeidet innan dans, folkemusikk og andre samfunnsområde.


Stryn 05.12.2010.


Nils Støyva
-ordførar-

torsdag 2. desember 2010

Utbygging av vindkraft i Sogn og Fjordane.

Arbeidarpartiet og fagrørsla vil at energiforsyninga i Noreg skal vere den mest miljøvenlege i verda. Vi vil avgrense veksten i energiforbruket, og vi vil vere i fremste rekkje med å ta i bruk nye teknologi innanfor energiproduksjon og kraftforsyning. Noreg må ikkje gjere seg avhengige av import av forureinande kolkraft og atomkraft. Arbeidarpartiet og fagrørsla meiner at Noreg må ha som mål å minst vere sjølvforsynt med elektrisk kraft i år med normal nedbørmengde.
Land- og havbasert vindkraft kan bli eit nytt stort satsingsområde for Noreg. Sogn og Fjordane har størst produksjonspotensiale for vindkraftutbygging av alle fylke i Sør-Noreg. Havområda utanfor Stad har den høgaste vindhastigheita i landet med årsmiddelvind på 10,5 m/ps i 80 m/høgde
For at vårt fylke skal kunne ta del i vindkraft- og industriutviklinga, meiner vi at følgjande moment er avgjerande for å lukkast:

1. 420 kV linja mellom Ørskog og Fardal må få ei rask realisering for å sikre naudsynt nettkapasitet for vidare utbygging av småkraft og vindkraft.

2. Fylkeskommunen har i desse dagar ute på høyring ein fylkesdelplan for vindkraft. Det er viktig at det blir sett av stort nok område til vindkraftutbygging slik at det er realistisk å nå måla om utbygging av 1000-1500 MW vindkraft på land i Sogn og Fjordane innan 2025.

3. Utbyggjarar av vindkraft må i størst mogeleg grad nytte seg av lokale og regionale selskap. Dette for at ein skal kunne bygge opp kompetanse i fylket på m.a. prosjektering, bygging, drift og vedlikehald av vindparkar. Vindkraftselskap som vil byggje ut prosjekt i fylket skal vere etablert i fylket med eigen stab og organisasjon.

4. Det er naudsynt med målretta satsing på å byggje opp industriretta utdannings- og opplæringstilbod i Sogn og Fjordane knytt til vindkraft. Utdanninga må sjåast i samanheng med pågåande satsingar på Sikkerheitssenteret i Måløy og planlagt utbygging på Lutelandet.

5. Utvikling av framtidig vindkraft må sjåast i samanheng med utbygging av annan infrastruktur på kysten. Bygging av kystvegen mellom Bergen og Ålesund inkludert 45-minuttsregionen samt bygging av Stad skipstunnel er viktige for å oppnå sterke arbeidsmarknadsregionar. Dette vil også binde saman og kople kompetansemiljø slik at det kan realiserast storskala industrisatsingar på m.a. offshore vind.

6. For å lukkast med vindkraftsatsinga er ein avhengig av auka statlege løyvingar til realisering av test- og demonstrasjonsanlegg for ny offshore vindkraftteknologi, slik at det mellom anna er mogeleg å byggje opp industriell aktivitet knytt til testområda på Lutelandet og på Stadhavet.

7. Utbygging av vindkraft i fylket må sjåast i samanheng med andre industrisatsingar i fylket knytt til offshore vind m.a. innanfor kompositteknologi og samanstilling av offshore vindturbinar.

8. For å lukkast med vindkraftsatsinga må staten setje krav om elektrifisering av petroleumsanlegg på sokkelen i Nordsjøen. Dette kravet må ein sjå i samanheng med utbygging av offshore vindkraft.

Samarbeidskomiteen meiner Sogn og Fjordane si satsing på vindkraft kan medvirke til å utvikle eksisterande industri, leggje grunnlag for ein ny stor industri innan vindkraft, auke talet på arbeidsplassar, samt auke verdiskapinga i fylket. For å lukkast med denne satsinga må næringslivet, NHO, LO, kommunane og statleg styresmakter samarbeide tett. Berre på denne måten kan vi greie å løfte fram vindkraftutbygginga og den tilhøyrande industrien.


Med helsing

Nils Støyva Arvid Langeland
-fylkesleiar i Ap- -distriktssekretær i LO-