søndag 27. mars 2011

Lokal forvaltning av kyst- og strandsona



På fredag presentere statsminister Jens Stoltenberg og den raudgrøne regjeringa dei nye retningslinene for differensiert forvaltning av kyst- og strandsona vår. Etter årevis med kamp og politiske diskusjonar, har vi endeleg fått gjennomslag for at kystsona eller strandsona må forvaltast ulikt i Oslofjordområdet og i Sogn og Fjordane. Tidlegare har det berre vore rikspolitiske retningsliner for Oslofjordregionen. Det er difor nytt at det blir føreteke ei inndeling av kysten i tre kategoriar. Det er framleis strenge føringar og restriksjonar der det er størst press på areala.
Den første kategorien er Oslofjordregionen, som skil seg ut med størst press. I neste kategori er det også stort press, om enn noko mindre. I tredje kategori, som heile Sogn og Fjordane kjem inn under, blir det gitt større rom for kommunane gjennom m.a. kommuneplanar til å kunne utnytte strandsona til nærings- og reiselivsutvikling. For mange av kystkommunane har regelverket i 100-metersbeltet vore eit stort hinder for å få til bustadbygging, næringsutvikling og andre lokale tiltak. Trass i at det lokalt har vore tverrpolitisk semje om utbygging og tiltak, har det ”rigide” regelverket hindra ein fornuftig bruk av kyst- og strandsona.
Det nye regelverket opnar ikkje opp for ”vill vest” i kystsona og 100-meterbeltet. Allemannsretten skal framleis takast vare på. Men gjennom kommuneplanar og lokal forvaltning, skal kystsona kunne utnyttast til m.a. verdiskaping på ein heilt annan måte enn i dag. Sogn og Fjordane Arbeidarparti har arbeidd med denne saka i ei årrekkje. I samband med det pågåande kystsatsinga har oppmjuking av forvaltningsregimet i kystsona vore eit av hovudkrava overfor Regjeringa og Miljøverndepartementet. Vi er difor svært glad for å ha fått fullt gjennomslag for våre krav. Paragraf 7.2 under viser dei nye retningslinene som vil gjelde for kystsona i Sogn og Fjordane.

Nils P Støyva
-fylkesleiar i SF Ap-


http://www.regjeringen.no/nb/dep/smk/pressesenter/pressemeldinger/2011/nye-retningslinjer-for-strandsonen.html?id=636826

http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/pressesenter/pressemeldinger/2011/retningslinjer-strandsonen.html?id=636791

7.2 For disse områdene gjelder følgende retningslinjer:

Byggeforbudet i 100-metersbeltet langs sjøen i § 1-8 i plan- og bygningsloven av 27. juni 2008 gjelder generelt. I den nye loven er forbudet og bestemmelsene om dispensasjon i kapittel 19 strammet inn. 100-metersbeltet er av nasjonal interesse, og bygging her i de nevnte kommunene skal bare tillates etter en konkret vurdering ut fra lokale forhold.
I områder uten press vil det være enklere for kommunene å gi tillatelse til å bygge enn i områder der presset er stort. Det vil gi kommunene utenfor pressområdene mulighet til å inkludere 100-metersbeltet langs sjøen i sine helhetlige utviklingsstrategier. Dette innebærer at kommunene kan vedta planer som innebærer utbygging til ulike formål også i 100-metersbeltet.
Kommuneplanen skal legges til grunn for eventuell utarbeiding av reguleringsplan (områderegulering eller detaljregulering). Byggegrense skal angis i planene, jfr. plan- og bygningsloven § 1-8 tredje ledd. Eldre planer som gir mulighet for utbygging i strid med retningslinjene, bør revideres eller oppheves.
Ved større byggetiltak skal det kreves reguleringsplan, jfr. plan- og bygningsloven § 12-1. Kravet om at det skal foreligge reguleringsplan før det kan gis tillatelse til gjennomføring av større bygge- og anleggsarbeider er videreført fra plan- og bygningsloven av 1985. Ved utbyggingstiltak som ikke er særlig omfattende bør arealutnyttingen styres gjennom bestemmelser til kommuneplan. For mindre tiltak kan det gis dispensasjon etter en konkret vurdering, på bakgrunn av kapittel 19.
I 100-metersbeltet langs sjøen skal følgende retningslinjer legges til grunn:
• Utbygging bør så langt som mulig lokaliseres til områder som er bebygd fra før, slik at utbyggingen skjer mest mulig konsentrert. Utbygging i urørte områder med spesielle friluftsinteresser, natur- og landskapskvaliteter eller kulturminneinteresser skal unngås. Det gjelder for eksempel utbygging i kyst- og fjordlandskaper med spesielle kvaliteter.
• Spørsmålet om bygging skal vurderes i forhold til andre allmenne interesser. Det bør ikke tillates utbygging i områder som har spesiell verdi i forbindelse med friluftsliv og allmenn ferdsel, naturkvaliteter, naturmangfold, kulturminner, kulturmiljøer og landskap. Forholdet til andre interesser, som for eksempel landbruk, fiske, oppdrett og reindrift må også vurderes. Der det tillates bygging, bør hensynet til andre interesser ivaretas best mulig.
• Alternative plasseringer bør vurderes og velges dersom det er mulig. Det bør også vurderes om tiltaket kan trekkes vekk fra sjøen. Tiltak som tillates må tilpasses omgivelsene best mulig.
• I områder hvor alt tilgjengelig utbyggingsareal ligger innenfor 100-metersbeltet, og alternativ plassering av tiltak dermed ikke er mulig, vil kommunen ha videre adgang til å tillate tiltak for å ivareta hensynet til en fornuftig samfunnsutvikling. Ved vurdering av om tiltak skal tillates skal det legges vekt på om hensynet til tilgjengelighet for allmennheten kan ivaretas ved at det eksempelvis avsettes areal til kyststi, friluftsområde eller liknende.
• Behovet for næringsutvikling og arbeidsplasser, for eksempel satsing på reiseliv og turisme, skal tillegges vekt i vurderingen av tiltak i 100-metersbeltet. Disse hensynene må veies opp mot hensynet til de allmenne interesser som er angitt foran.
• Vurderingen vil være avhengig av hva slags type tiltak det gjelder. Det kan være grunnlag for å tillate visse tiltak nær sjøen, som for eksempel brygger, naust, næringstiltak og sjørettede reiselivsanlegg.
• Muligheten for fritidsfiske gjennom å tillate oppføring av naust og brygge skal også tillegges vekt i vurderingen av tiltak i 100-metersbeltet. Disse hensynene må veies opp mot hensynet til de allmenne interesser som er angitt foran, og mulighetene for felles brygger og naust bør også vurderes.
Retningslinjene gjelder også for by- og tettstedsområder. I disse områdene skal behovet for fortetting og byutvikling tillegges vekt. Arealer til bolig-, sentrums- og næringsutvikling bør som et utgangspunkt prioriteres foran arealer til fritidsboliger.

onsdag 23. mars 2011

Auka valfridom for småbarnsfamiliane er viktig



Dei siste tiåra har det skjedd ein kvinnerevolusjon i landet. For tretti år sidan var litt over førti prosent av norske kvinner i arbeid. Den andre halvparten var i hovudsak heimearbeidande husmødre som blei forsørgja av mannen.

I dag er heile 8 av 10 kvinner i yrkesaktiv alder ute i arbeid (79 prosent mellom 25-66 år). Nesten like mange kvinner som menn er i jobb. Norske kvinner er dei mest yrkesaktive i verda. I Tyrkia er berre 25 prosent av kvinnene yrkesaktive. I Italia og Spania er omlag 50 prosent av kvinnene er ute i arbeid. I tillegg veit vi at våre kvinner får fleire barn enn andre kvinner i Europa. Dette er vi stolte av!

Å kunne kombinere foreldrerolla med yrkesrolla er ei fantastisk moglegheit i landet vårt. Det er knapt andre land som har så gode ordningar for småbarnsforeldre som oss. Full barnehagedekning og maksimalpris for barnehageplass er noko av det viktigaste i tillegg til lang, løna foreldrepermisjon. Dette gjer det mogeleg å takke ja til både barn og yrkeskarriere. For Arbeidarpartiet er dette ein grunnleggande verdi. Ein av grunnane til at vi har så høgt velferdsnivå i dag er at så mange kvinner er i jobb og bidrar til verdiskapinga og fellesskapet. Mange land valfartar til Noreg for å sjå korleis dei kan kopiere den norske suksessen.

Foreldrepermisjonen gir både mor og far større valfridom. Begge skal ha høve til å gje omsorg til sine barn. Ved handsaminga av statsbudsjettet sist haust utvida dei raudgrøne partia fedrekvoten til 12 veker. Stadig fleire fedre veljer faktisk å ta ut meir permisjon enn dette. Fedrepermisjonen gir barn og far høve til å bli langt betre kjende med kvarandre det første året. Og det gir mor høve til å gå ut igjen i arbeid dersom ho skulle ønskje det. På denne måten er vi med å viske ut gamle, fastgrodde kjønnsroller.

Likestilt foreldreskap er ein nøkkelfaktor til valfriom. Arbeidarpartiet har som mål å utvide fedrekvota til 14 veker, og den samla permisjonstida til 48 veker, jf St.meld. 8 (2008-2009). Begge foreldra skal ha sjølvstendig opptening av permisjonsrettar, slik at økonomien ikkje skal vere til hinder for jamnare fordeling av permisjonen.

Saman med barnehagedekninga, låg barnehagepris, rett til fri når barna er sjuke, bredt likestillingsarbeid i arbeidslivet med vidare, har foreldrepermisjonen gitt både mor og far større reell valfridom. Frp og Høgre snakkar om å gje småbarnsforeldre valfridom. Arbeidarpartiet gjennomfører det i praksis.


Med helsing

Nils Støyva
-fylkesleiar i SF Ap-

torsdag 17. mars 2011

Vi har trong for eit nasjonalt idrettsløft for barn og unge!




Det er på tide å endre tippenøkkelen slik at staten sin del av overskotet til Norsk Tipping blir fasa ut over åra 2013 og 2014. Gjennom dette grepet vil idretten få tilført 500-600 millionar kroner meir kvart år, utan at det går utover kultursatsinga. Vi vil dermed få eit idrettsløft som heile Noreg vil kunne glede seg over!

Sidan den raudgrøne regjeringa tok over i 2005 er det gjennomført eit nasjonalt kulturløft. Dette har resultert i stor auke i løyvingane til kultur og frivillig arbeid. Dette arbeidet må halde fram, og målet om at ein prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturføremål må ligge fast. No er det likevel også på tide med eit eige idrettsløft.

Kvifor er dette viktig? Argumenta er mange og gode:

• Norsk idrett peikar på etterslepet i spelemidlar til idrettsanlegg som den mest hemmande og avgrensande faktoren for barne- og ungdomsidretten.

• I mange delar av landet vårt er mangelen på idrettsanlegg stor. Mange idrettar kan vise til ein direkte samanheng mellom etablering av idrettsanlegg og deltaking i dei lokale aktivitetstilboda.

• Spelemidlar til idrettsanlegg dekkjer ikkje berre den organiserte idretten sine behov, men er viktig for å finansiere lysløyper, symjehallar og isbaner og kjem såleis heile folket til gode.

• Køen er i dag på 4-6 år, og utbyggjarane må enten finansiere anlegga mellombels, noko som er dyrt, eller utsette prosjekta.

• I dag er etterslepet på minst to milliardar kroner. Forlaget vårt vil gjere det mogeleg å fjerne etterslepet over ein 4-årsperiode.

• Bygging av idrettsanlegg er ikkje ei lovpålagt oppgåve for kommunane. Difor er ekstern finansiering heilt naudsynt. Slik finansiering blir ein slags utløysande faktor for bygging.

• Sjølv om spelemidlane utgjer ein avgrensa del av den samla finansieringa, inneber ordninga både ei kvalitetssikring og toppfinansiering, og er viktig som stimulans for både idrettslagseigde og offentleg eigde anleggsprosjekt.

• Forslaget vil gje rom for også å løyse finansieringa og drifta av nasjonalanlegga. Det har lenge vore ei politisk krevjande utfordring.

• På lang sikt vil forslaget gje naudsynt rom og tryggleik for idretten si langsiktige finansiering, både sentralt og gjennom lokale aktivitetsmidlar.

Da forbodet mot dei sterkt problematiske speleautomatane blei innført i 2007, blei dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane som hadde hatt inntekter av automatane, teke inn som ein del av tippenøkkelen. Idretten viste eit stort samfunnsansvar ved ikkje å motsette seg denne endringa.

Fordelinga av spelemidlar gjennom tippenøkkelen er i dag slik: 45,5 prosent til idrett, 18 prosent til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, 36,5 prosent til kultur. Av dette går 12,2 prosent til frivillig kulturarbeid og 24,3 prosent til statskassa.

Idrettsanlegg er ein viktig del av samfunnet sin infrastruktur. Fleire gode og funksjonelle idrettsanlegg vil vere eit viktig bidrag til å auke den fysiske aktiviteten for folket, sikre gode oppvekstmiljø for born og unge, og etablere gode møteplassar i nærmiljøet. I tillegg stimulerer det til frivillig arbeid i samfunnet, og skaper tillit og ei positiv opplæring i leiarskap.

Samfunnet brukar i dag langt over 100 milliardar kroner til spesialisthelsetenester og andre tiltak innan helsesektoren. Desse midlane blir i hovudsak brukt på behandling og ”reperasjon” av sjukdommar og skadar. Lite blir nytta til førebygging. I den nye samhandlingsreforma vil førebygging få ein mykje breiare plass i helsevesenet. Idrett og fysisk aktivitet er noko av det beste førebyggande arbeidet vi har. Idretten må difor koplast til og bli ein viktig del av samhandlingsreforma.

Vi har i dag store utfordringar på anleggssida. Det er fire til fem års ventetid på utbetaling av spelemidlar til idrettsanlegg, og på landsbasis aukar etterslepet med omlag 200 mill. kroner kvart år. I og med at det har vore sett eit fast kronebeløp som måltal for overskotet til Norsk Tipping, har den reelle løyvinga til idretten gått ned.

For å redusere etterslepet på idrettsanlegg, må tippenøkkelen endrast slik at idretten får ein større del av overskotet. Også det lokale, frivillige kulturlivet bør få eit løft gjennom ei slik endring. Dette kan gjennomførast ved at delen som i dag går til statskassa, blir fordelt på idrett og lokalt frivillig kulturliv. Det må vere ein klår føresetnad at denne endringa ikkje går ut over kulturløftet si målsetting om at løyvingane over statsbudsjettet til kultur skal utgjøre minst 1 prosent av det totale budsjettet.

Ei slik endring vil også vil styrke Norsk Tipping sin legitimitet ved at heile overskotet blir nytta til tiltak som styrker kultur, idrett og frivillig arbeid. Det kan såleis ikkje lenger bli argumentert med at delar av tippeoverskotet går rett i statskassa.

Kulturen er i ferd med å få sitt velfortente løft. No står idretten for tur!

av
Nils Støyva, ordførar i Stryn og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap.
Tom Tvedt, fylkesordførar i Rogaland (Ap)
Harald Schjelderup, byrådsleiarkandidat i Bergen Ap