onsdag 3. august 2011

Minneord om Hanne Kristine Fridtun




Det uforståelege og tragiske har skjedd. Hanne Kristine Fridtun er mellom dei omkomne etter dei tragiske hendingane på Utøya i Tyrifjorden. 22. juli 2011 vil for ettertida stå som den svartaste dagen i norsk historie sidan andre verdskrig. 68 ungdomar vart rivne bort på den mest rå og brutale måten ein kan tenke seg.
Hanne Kristne Fridtun vart fødd på Flo i Stryn kommune 15. august 1991. Foreldra hennar er Kolbein og Eva Fridtun. Hanne voks opp saman med broren David i ein god og fredfyld heim på Flo. I barne- og ungdomsåra hadde Hanne mange interesser. Dans og folkemusikk vart etter kvart ein av hovudaktivitetane hennar. Ho deltok i leikarringen til Fjelljom og kom etter kvart med i Fjelljom spelemannslag. I ni år spelte ho fele, og for dette fekk ho i 2008 tildelt Emil Bolstad sitt legat. I tre år var ho styremedlem i spelemannslaget. Ho dreiv også med fotball, ten sing og speidararbeid.
Etter kvart vart ho også svært interessert i politikk. Hausten 2009 restarta ho Stryn AUF saman med Inge Sveen og Petter Lunde Meisfjordskar. Første året var Hanne nestleiar i laget. Seinare har ho vore med å starta opp fleire AUF-lag i Sogn og Fjordane. I februar 2011 vart ho valt til leiar i Sogn og Fjordane AUF etter Torbjørn Vereide. Hanne var ei ung og pågåande kvinne med stort engasjement og stort hjarterom. Ho ville alle det beste og hadde eit særskilt engasjement og omsut for dei svake i samfunnet. Hennar mål med det politiske engasjementet var å påverke og endre samfunnet til det betre. Som leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti hadde eg sjølv mykje kontakt og mange diskusjonar med Hanne. Ho kunne kome sprudlande inn på kontoret med nye tankar og idear om korleis samfunnet kunne utformast.
På Arbeidarpartiet sitt landsmøte i april 2011 hadde ho eit tankevekkande og godt innlegg om behova eldre har for kontakt og omsorg. For dette innlegget fekk ho trampeklapp. Ho sa m. a:
”Situasjonen i dag er at det sit altfor mange einsame eldre rundt om i bygdene. Einsame, med mangel på livsglede. Som sjukepleiarstudent har eg kjent denne einsomheita på kroppen. Dei eldre lyser opp når vi kjem og bankar på døra deira, berre for å spørje om dei har det bra.”
Siste åra hadde ho fast stilling som helgevakt i tenesta for funksjonshemma i Stryn kommune. Denne sommaren hadde ho sommarjobb i heimesjukepleien. Sidan ho var elev ved Sogn og Fjordane sjukepleiarhøgskulen i Førde, var dette eit arbeid ho like svært godt. Hanne utførde arbeidet sitt med flid, og ho vart godt likt av arbeidskollegaer og vener.

Første veka i juli kom ei energisk Hanne inn på kontoret mitt. Hennar bodskap var då heilt klårt. Dei eldre og rørslehemma har for dårlege vilkår i Miljøgata i Stryn sentrum. Seinare i månaden vart det eit større oppslag i lokalavisa Fjordingen om saka. Hanne står på fjerde plass på lista til Stryn Arbeidarparti ved kommunevalet no i haust. Hennar største ynskje var å kome inn i kommunestyret for å betre tilhøve for t.d. dei funksjonshemma.

Hanne sitt stor politiske forbilde var Gro Harlem Brundtland. Ho såg opp til Gro med stor beundring, og eg veit ho gledde seg til helse på henne under sommarleiren på Utøya. Hanne er borte for godt, men alle venene vil hugse henne som ein samvitsfull og tvers gjennom god ungdom. Ho såg alltid etter det positive hos sine medmenneske og gjorde alltid sitt beste for å hjelpe og støtte andre. Fred over minne til Hanne Kristine Fridtun!



Stryn 02.08.2011



Nils Støyva
-ordførar/fylkesleiar Ap-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar