søndag 16. mai 2010

Slå ring om pappapermisjonen.

Høgre sitt landsmøte vedtok for kort tid sidan å fjerne pappapermisjonen. Tidlegare har Framstegspartiet gått inn for det same. Desse vedtaka er svært skuffande og er eit dramatisk steg i feil retning. Fedrekvoten eller pappapermisjonen er ein rett fedrane har til å ta ut 10 veker permisjon i samband med fødsel. Denne retten har blitt til etter mange år med politisk kamp. Arbeidarpartiet har stått i front for denne kampen.

Denne retten har vore eit viktig bidrag i kampen for likestilling i samfunnet. Den har gjort at fedrane har teke mykje meir ansvar på heimebane noko som tener både far, mor og barn. Fedrepermisjonen er også viktig for likestillinga i arbeidslivet. Difor vil fjerning av fedrekvoten også svekke kvinnene i kampen om likeløn.

Etter mitt syn er det viktig at barnet får oppleve far heime over ein lengre periode. Det er sjølvsagt viktig at far tek ansvar i kvardagen. Men det er ikkje det same som at far er heime på heiltid over ein lenger periode.

Høgre vil ta vekk denne retten fordi familiane skal få større valfridom. Gjennom å auke den såkalla valfridomen, set ein etter mitt syn likestillinga mange tiår tilbake i tid. Noko som igjen fører til at kvinne blir taparar. Arbeidarpartiet vil kjempe mot framlegget frå Høgre. Dette kan ein best gjere ved å slå ring om pappapermisjonen og arbeide for at fedrekvoten vert utvida.

Nils Støyva
-fylkesleiar i Ap-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar