onsdag 7. juli 2010

Stad skipstunnel

Samferdsle og kommunikasjon er ei av dei sakene som engasjerer mest på Vestlandet. Stad Skipstunnel er i ei særklasse blant desse. Prosjektet ber i seg element av miljøgevinst, arbeidsmarknadsbygging, kollektiv transport, tilrettelegging av ”gods til sjø”, mulegheita for næringsliv og reiseliv mv. Prosjektet er i tillegg av ein slik art at det truleg vil vere ein verdssensasjon som vil sette Noreg på kartet på ein svært positiv måte.

Saka må ut av dei byråkratiske skuffene.

Arbeidarpartiet sine fylkesparti på Vestlandet har gjennom årsmøtevedtak eller andre vedtak gitt si klare tilslutning til bygging av Stad Skipstunnel.

I NTP 2010-2019 er det sett av 200 mill. kr. i startløyving. Det er ein føresetnad for oppstart at KS1 viser at prosjektet har positiv samfunnsmessig nytte. Kystverket har i si Konseptvalsutgreiing av november 2007 konkludert med at prosjektet (stor versjon) er nær balansepunktet for positiv kost/nytte faktor før verknaden av nærings- og reiselivsrelaterte tilhøve er lagt inn.

På denne bakgrunn har Stortinget bede om at prosjektet vert eksternt kvalitetssikra gjennom ein såkalla KS1-gjennomgang. Denne gjennomgangen må vere avslutta før Stortinget kan ta endeleg avgjerd i saka.

Nemnde KS1-utgreiing av Kystverket si konseptvalsutgreiing (KVU) skulle vere ferdig innan 2009. Dette skjedde ikkje.

4 månader seinare melder Fiskeridepartementet at saka må attende til Kystverket for vidare utgreiing (altså: ny runde med KVU). Denne nye runden med utgreiingar har skapt stor frustrasjon blant folk på Vestlandet. Alle oppfattar utspelet som nok ei utsetting av ei sak som er til dei grader overutgreidd.

Det folk på kysten av Vestlandet fryktar er at det no er lagt opp til ein prosess der ein nok ein gong skuvar denne viktige saka ut i ei uviss framtid.

Tidlegare regjeringar sit med eit stort ansvar for manglande framdrift i dette prosjektet. Arbeidarpartiet har teke tak og sørga for framdrift i saka. Men saka må ikkje no stoppe opp ved at den vert sendt ut på nye rundar med utgreiing.


Med helsing


Sign. Sign. Sign.
Nils Støyva Trond Seth Sveinung Valle Frode Berge
-fylkesleiar i SF- -fylkesleiar i M.- -fylkesleiar i H.- -fylkesleiar i R.-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar