mandag 29. august 2011

Appell ved opningsmarkering 29.08.2011 for utbetringa av Oldedalsvegen.




Fylkesordførar og andre frammøtte. Velkomne til denne markeringa i Olden sentrum.
Det er ein gledens dag for Olden, Oldedalen, ja heile Stryn kommune. Gjennom denne markeringa her i Olden sentrum skal vi markere at Sogn og Fjordane Fylkeskommune har rusta opp tre parsellar på Oldedalsvegn. Dei tre parsellane er Yri – Rustøen, Svinevika – Sandnes og Olden sentrum. Vi skal også markere at Stryn kommune har bygt ny parkeringsplass, fortau ved gamle Olden kyrkje m.m. Til saman har fylkeskommunen brukt om lag 30 millionar på Oldedalsvegen og Stryn kommune har brukt 1,9 millionar på dette prosjektet i Olden sentrum.

Lat det med ein gong vere sagt: Vegen til Oldedalen er langt i frå ferdig opprusta og rassikra. Det står svært mykje arbeid att før vi kan seie at Oldedalsvegn er ”ferdig”, men i dag skal vi gle oss over det som er gjort både her i Olden sentrum og vidare oppover dalen.

Grytidleg ein novemberdag i 2005 reise underteikna saman med Gro Melkevoll og Rune Myklebust for å møte samferdsleutvalet. Utvalet skulle handsame fylkesvegplan for Sogn og Fjordane, og vi skulle overbevise desse ”hersens” fylkespolitikarane om at no var det Oldedalsvegen sin tur.

Vi orientere om den elendige vegstandarden på dei 22 kilometerane. Vi snakka om rasfare og den store sommartrafikken oppover dalen. Eg trur kanskje det var den store næringsaktiviteten som fekk samferdsleutvalet og seinare fylkestinget til å prioritere vegen på topp i Sogn og Fjordane. I 2005 stipulere vi at det var vel 100 arbeidsplassar som til saman omsette for vel 80 millionar kroner mellom Olden sentrum og Briksdalen.

I seinare prioriteringar av kva parsellar i kommunestyret tok vi med strekninga gjennom Olden sentrum. I 2002 bygde Stryn kommune rundkøyring og ny bussoppstillingsplass ved Olden skule. Eit viktig løft for skulen. Den 03.07.2002 skriv eg følgjande til dåverande vegsjef Lars Lefdal:

”Krysset i Olden sentrum er svært uoversiktleg og farleg. Dette er eit av dei få kryssa i Sogn og Fjordane med stoppskilt. All trafikken fører til store problem for dei mjuke trafikantane som beveger seg rundt i sentrum og er på veg til og frå skule og barnehage. Eg trur vi skal ha forståing for at foreldre og lærarar er redde og fryktar for at det skal skje noko alvorleg med borna som går, leikar og syklar i området. For å forstå dette trur eg at ein må oppleve problema i kvardagen. Det er trass alt framtida vi snakkar om.

Første byggesteg i den planlagde utbetringa løyser nokre av problema ved Olden skule og i Olden sentrum. Men vi får ikkje løyst alle problem før rundkøyringa vert ferdigstilt og den framtidige fylkesvegen til Oldedalen vert lagt om. Det har vore arbeidd i om lag 40 år med dette vegprosjektet. Tida skulle difor vere moden for realisering.”

Den nye vegen her Olden sentrum er etter mitt syn viktig ut frå følgjande omsyn:
- trafikktryggleik
- sentrumsutvikling
- framkomlegheit i sentrum
- skuleutvikling

Med desse orda vil eg få takke vegeigaren Sogn og Fjordane fylkeskommune for prioritering og utbygging. Vegnemnda med Rune Myklebust, Geir Flåten og Gro Melkevoll har gjort ein flott jobb. Eg vil også trekke fram folkevalde frå Olden og Oldedalen. Jon Olav Kvamme, Elin Kvamme og tidlegare varaordførar Johanna Nygjerd.
Vil også takke entreprenørane for vel utført arbeid på dei tre strekningane.
Til slutt har ei lita bøn til Fylkespolitikarane: De må ikkje gløyme dei ”gamle” fylkesvegane i prioriteringane framover. Store anlegg er viktige. Men vegar som t. d Oldedalsvegen har svært mykje å bety for dei som dagleg ferdast og bur langs vegen.

Stryn 26.08.2011

Nils Støyva
-ordførar-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar