fredag 8. april 2011

Den nye 420 kV mellom Fardal og Ørskog kjem

Olje og energidepartementet har i gjort følgjande vedtak vedkomande bygging av 420 kV Fardal – Ørskog:

”1. KONKLUSJON
Olje og energidepartementet stadfester NVEs vedtak av 10. juni 2009 om anleggskonsesjon og ekspropriasjonstillatelse til en 420 kV kraftledning for delstrekningene fra ny transformatorstasjon i Hovdenakken i Ørsta kommune til sør for Hundvilcorden i Bremanger kommune, og strekningen fra Moskog
transformatorstasjon i Jølster kommune til ny transformatorstasjon i Sogndal kommune med følgende unntak:
- mellom Leivdal og Veten i Eid kommune skal kraftledningen følge det østlige omsøkte alternativet for kryssing av Hornindalsvatnet,
- mellom Moskog og Høyanger transformatorstasjoner skal kraftledningen følge det vestlige omsøkte alternativet og
-anleggsveien til ny Sogndal transformatorstasjon på Skardsbøfiellet skal gå fra Øvstedalen.”


Grunngjevinga for planane om å bygge den nye 420 kV linja er eit stort behov for å betre forsyningstryggleiken i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Den nye linja er også ein klar føresetnad for den auka kraftproduksjon i fylket vårt.

Sentralnettet i Sogn og Fjordane er i dag samansett av to linjer. Ei eldre 132 kV linje og ei ny 132 kV linje. På grunn av liten kapasitet er sentralnettet delt ved Åskåra. Fylket vil derfor kunne få problem med å transportere nok kraft til forbrukarane i skiftet mellom vinter og vår. Dette er særleg ei utfordring når kraftverka er i ferd med å tøme magasina og i nedbørsfattige år.

I Sogn og Fjordane er det eit stort potensiale for utbygging av små og mellomstore krafttverk. Samstundes er det fleire vindkraftprosjekt under planlegging langs kysten. Det noverande nettet i fylket har svært avgrensa kapasitet til å kunne ta i mot denne krafta og få den fram til industrien og forbrukarane. Desse planane og denne verdiskapinga vil difor ikkje la seg gjennomføre grunna manglande overføringskapasitet i fylket. Statnett skriv i brev til NVE 01.04.2009: ”På vegne av Istad Nett AS, SFE Nett AS og Statnett SF ber vi om at NVE i sin konsesjonsbehandling tar hensyn til kapasitetsutfordringene i dagens sentralnett mellom Ørskog og Aurland. Vår anbefaling er at man er tilbakeholdne med å gi tillatelse for tilknytting av ny kraftproduksjon før ny nettkapasitet, dvs ny 420 kV Ørskog - Fardal er i drift.”

Sogn og Fjordane Arbeidarparti er positive til ny kraftproduksjon og planane Statnett har for den nye 420 kW kraftlinje gjennom fylket. Fleire fylkesårsmøtet, fylkesstyret og fylkestingsgruppa har gjort ei rekkje vedtak om å få bygt linja. Sogn og Fjordane Ap har sagt at kraftlinja må ha knutepunkt plassert slik at kraft kan distribuerast til noverande og framtidige industriprosjekt i fylket. På same måten må framtidig kraftproduksjon i fylket kunne førast ut på nettet via dei same knutepunkta. Sogn og Fjordane Arbeidarparti har vidare sagt at det viktig å finne det trasevalet som er mest mogeleg skånsamt for menneskje, miljø og natur. Linja må så langt som mogeleg leggast bort frå bustadområde og tettstadar som td. Naustdal og Storebru. .

Sogn og Fjordane Ap har i denne saka arbeidd tett opp mot OED og SMK. Vi er glade for å ha fått gjennomslag for våre synspunkt og krav. Det har i ein mannsalder vore arbeidd for å få bygt denne kraftlinja gjennom fylket. Linja er ein svært viktig infrastruktur for Sogn og Fjordane. Linja er eit viktig grunnlag for næringsutvikling og verdiskaping knytt opp mot ny produksjon av elektrisk energi. Linja kan på mange måtar samanliknast med ein ny ”motorveg” gjennom fylket. Det er difor bra at linja kjem i 2015.


Med helsing

Nils Støyva
-fylkesleiar-

torsdag 7. april 2011

Stad skipstunnel - innlegg på landsmøtet i DNA 2011.

Dirigentar, partileiar, landsmøteutsendingar.

Utbygging og trygging av samferdsla er ein av dei viktigaste faktorane for å lukkast med næringsutvikling og få til folketalsvekst. Stamvegane og fylkesvegane er ein viktig del av kommunikasjonane våre. Skipsleia langs kysten er ein annan viktig del av samferdsla, som etter mitt syn får alt for lite merksemd. Utbetring av skipsleia er no kome inn som ein viktig del av Nasjonal Transportplan (NTP) på line med jernbane og vegar.

Midt i skipsleia langs kysten av Sogn og Fjordane ligg Stadhalvøya. Denne halvøya som stikk fleire mil ut i havet i Selje kommune, fører til at all skipstrafikken langs kysten må passere på utsida av Stad via Stadhavet. Stadhavet er kjent som eit av dei farlegaste og mest verharde sjøområda langs kysten vår. Dette havstykket set også ein stoppar for trafikk med mindre båtar, samt hurtigbåttrafikk mellom Vestlandet og Møre og Romsdal. Om lag 20.000 båtar passerar Stad kvart år. Ved å bygge ein skipstunnel på 1700 m vil skipsfarten unngå det farlege havstykket rundt Stad. Tunnelen som er planlagt vil bli 49 meter høg og 36 meter brei.

Tryggleik for sjøfarande, færre båtforlis og nytteverdi for næringslivet er viktige argument for å få bygt denne tunnelen. Men eg vil også drage fram miljøeffektar og auka reiselivsaktivitet. For ein region som slit med nedgang i folketalet og som har dårleg infrastruktur, vil tunnelen bety svært mykje og skape eit meir attraktivt bu- og arbeidsområde. Stad skipstunnel vil knyte saman kysten av Vestlandet på ein heilt ny måte, med nye kommunikasjonar til nytte både for innbyggjarar, næringsliv og turistar.

Sjølv om Kystverket i si konseptvalutgreiing konkluderer negativt, er det viktig å presisere at det er opp til Regjeringa og Stortinget å vege opp dei prissette konsekvensane mot dei ikkje-prissette konsekvensane av tunnelen. Ein fersk rapport frå SINTEF Bedriftsutvikling, som har teke omsyn til fleire moment enn Kystverket, viser at prosjektet vil ha stor samfunns-økonomisk nytte.

Arbeidarpartiet må sjå alle ringverknadane av prosjektet, og gå inn for bygging. Saka har vore vurdert i over 20 år med 17 ulike utgreiingar. No er det på høg tid at vi set handling ut i livet og at Arbeidarpartiet viser seg som det samferdslepartiet vi er. Dette er ei politisk sak, som skal avgjerast av politikarar som vil noko med kysten vår. Stad Skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt som må løftast opp og få ei særskild statleg finansiering.

For å få realisert Stad Skipstunnel er det heilt avgjerande at Arbeidarpartiet støttar LO i kravet om å få bygd tunnelen. Fylkespartia til Arbeidarpartiet i Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal har støtta Sogn og Fjordane i prosjektet.



Nils Støyva
-fylkesleiar-

mandag 4. april 2011

Mobbing må ikkje førekome

For nokre veker sidan inngjekk regjeringa og ei rekkje organisasjonar eit nytt og utvida ”manifest mot mobbing”. Gjennom dette manifestet forpliktar regjeringa og samarbeidspartnarane seg til å arbeide for at alle barn skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.
Mange barn og unge også i Stryn kommune opplever eller har opplevd å bli mobba. Følelsen av å bli halden utanfor leiken og kameratflokken eller rett og slett å bli uthengt eller latterleggjort, er ikkje til å leve med. På landsbasis er det gjennomført granskingar som viser at fem–seks prosent av alle barn blir utsett for mobbing på ein eller annan måte. Målet må vere at alle skal glede seg til å gå på skulen. Ingen skal vere redde for å oppleve mobbing på bussen, på skulevegen, i friminutta eller på fritidsaktivitetane.
Det er dei vaksne sitt ansvar å hindre mobbing og skape tryggleik. Vi må som foreldre snakke om dette og fortelje kvifor det er viktig å behandle klassekameratar og vener på ein god og respektfull måte. Dei vaksne må opptre som forbilde for barna. Som medmenneske må vi gripe inn om noko skjer og reagere om vi ser eller opplever mobbing. Alle har vi eit ansvar for at barn skal vere trygge for mobbing.
Vi ser dessutan at mobbinga føregår på nye måtar. Vi veit at mange barn i alderen 9-16 år seier at dei har blitt mobba gjennom elektroniske medium som facebook og twitter. Andre opplever det same gjennom mobiltelefonen. Digital mobbing er vanskeleg å avdekke. Ofte manglar vaksne den nødvendige teknologiske kompetansen for å kunne avsløre denne typen mobbing.
Opplæringslova §9A set krav til at alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø, m.a. eit miljø fritt for mobbing. Stryn kommune har utarbeidd rutinar for å handtere dette. Blir mobbing oppdaga, er det krav om at skulen skal følgje dette opp med enkeltvedtak og tiltak.
Det er også viktig at skulane og barnehagane arbeider for å førebygge mobbing. Dei flste har eigne program for dette. Stryn er også ein MOT-kommune.
Stryn kommune vil i tida framover følgje opp manifestet mot mobbing. Underteikna og administrasjonen vil arbeide saman med grunnskulane, barnehagane og barnevernet for å sette fokus på førebyggande arbeid og konkrete tiltak i ulike situasjonar. Det er viktig at foreldre, undervisningspersonale, folkevalde, trenarar og andre som er i kontakt med barn og unge føl opp dette. Vi kan kvar på vår plass gjere ein innsats for å få vekk dette uvesenet.

Stryn 29.03.2011



Nils Støyva
-ordførar-