tirsdag 27. april 2010



Jordbruksforhandlingane er viktige.

Under følgjer deler av fråsegna som formannskapet i Stryn gav i samband med jordbruksforhandlingane. Fråsegna med eit tillegg frå frå KRF vart vedteke mot FRP sine stemmer. Underteikna har vore sakshandsamar.



I Stryn kommune og Sogn og Fjordane fylke står landbruksnæringa sterkt. Næringa gjev grunnlag for mange arbeidsplassar og skapar utvikling av nye knytt til m.a. til matproduksjon og foredling, reiseliv og turisme. Fylket marknadsfører seg i nasjonal og internasjonal samanheng som eit fylke med unik natur og eit særskilt kulturlandskap og er difor avhengig av at vi framleis har ei landbruksnæring som pleier dette. Landbruket i Sogn og Fjordane har ein struktur med mange små einingar der det naturlige utgangspunktet gjer at drift og produksjon vert tyngre og meir arbeidskrevjande enn i andre delar av landet.

Stryn kommune ber om at det i jordbruksforhandlingane i 2010 vert teke grep for å sikre
lønsemda i jordbruket i Sogn og Fjordane og dei andre vestlandsfylka. Mjølk og kjøtproduksjon som baserar seg på grovfor er grunnlaget i jordbruket i vår del av landet og verdiskaping og sysselsetting direkte og indirekte er avhengig av gode vilkår for desse produksjonane.

Folketalsauken i verda er stor.Matproduksjonen er for liten til å sikre alle menneske sine grunnleggande behov. Det er viktig at matproduksjonen i vår del av verda vert oppretthalden.

I det føreståande landbruksoppgjeret må økonomien styrkjast særleg gjennom friske midlar men og ved å ta ut auka lønsemd på pris. Begge verkemidela vil vere avgjerande for å løfte inn-tektene i jordbruket til eit akseptabelt nivå. Etterslepet er stort å ta att. For Vestlandet vil det vere avgjerande å styrke driftsøkonomien på dei små einingane også gjennom auka driftstilskot pr bruk. Skal kombinasjonsbonden prioriterast, må ein setje inn friske midlar på
dei første dyra og dei første dekara.

Følgjande må prioriterast i jordbruksoppgjeret:
1. Betre rammevilkår for grovforbasert produksjon ( kjøt og mjølk) i vår del av landet. For Stryn kommune vil det vere avgjerande å betre økonomien i den grovforbaserte produksjonen ved vårens jordbruksoppgjer, og at denne produksjonen vert prioritert og at bruk av utmark og beiting vert belønna. Mjølkeproduksjon har ei avgjerande betydning for at vi framleis skal ha eit levedyktig landbruk i fylket og for at vi framleis skal ha eit velpleia kulturlandskap. Vi ser og med bekymring på at landbruksnæringa ser ut til å flytte seg til andre delar av landet som har betre naturgjevne føresetnader. Resultatet av jordbruksoppgjeret 2010 må vise grep som snur denne utviklinga og gjer det meir lønsamt og attraktivt å drive jordbruksproduksjon i marginale område. Kvoteordninga for mjølk må halde fram og likeeins ordninga med leige av mjølkekvote.

Stryn kommune ber om at:
a) Driftstilskotet i mjølkeproduksjonen på Vestlandet må aukast. Det må opprettast ei eiga
sone for Vestlandet med ein stønad pr bruk.
b) Distriktstilskotet for mjølk i sone D må hevast
c) Distriktstilskote for saue og storfekjøt på Vestlandet må aukast.




mandag 26. april 2010




Det blir drift på Stryn sommarskisenter denne sesongen.

Sommarskisenteret er viktig for reiselivet i Stryn og Nordfjord. Stryn sommarskisenter er også eit av dei viktigast merkevarenamna i Stryn. Eg er difor glad for at kommunestyret i dag gjorde følgjande samrøystes vedtak:

1. Stryn kommune går inn i det nyskipa eigarselskapet for sommarskisenteret på Strynefjellet/Folven Camping med ein aksjekapital på kr 900.000,-.

2. Det er ein føresetnad for kommunal deltaking i eigarselskapet at det vert skipa eit driftsselskap med målsetting om ein aksjekapital på minimum 2 mill. kr. Det er også ein føresetnad for kommunal deltaking at den skisserte avtalen med bankane fell på plass.
3. Kommunens deltaking , kr 900.000,-, skal finansierast ved bruk av kapitalfondet – konto 25300009.

4. Kommunen si rolle i eigedomsselskapet vert regulert gjennom aksjonæravtale/vedtekter.
5. Formannskapet får fullmakt til å godkjenne vedtekter/aksjonæravtale og til å føreta naudsynte justeringar basert på tilpasningsbehov som måtte oppstå i avslutningsfasen av prosessen.

søndag 4. april 2010

Hyttebygging ved Stryn Skisenter

Bilde viser skitrekka og hyttefelta ved Bøanedsetra.

Reiselivet er ein viktig del av næringslivet i Stryn kommune. Særleg har sommarturismen hatt mykje å bety for Stryn kommune. Dei siste åra har likevel vinterturismen vakse sterkt. Ein viktig del av denne satsinga er utbygginga av hytter ved Stryn skisenter. Siste året har det blitt bygt meir enn 150 hytter i området. Skal skianlegga og løypene byggast vidare ut, må det meir folk inni området. Vidare tilrettlegging for hyttebygging må difor ha høg prioritet.


Nils Støyva

NM-vinnarar frå Stryn kommune


Under følgjer ei liste over idrettsutøvarar frå Stryn kommune som har vunne NM eller tilsvarande dei to siste år.

Det er også teke med to personar som har flytta ut til andre kommunar.


Johan Eirik Meland
Gull under hovudlandsrennet i skiskyting både i 2009 og 2010.
2.plass i Young Star i Holmenkollen.
2. plass på normaldistansen i hovudlandsrennet i 2009.
1. plass Kvalfosssprinten 2009.

Jarle Midthjell Gjørven
Gull under junior-NM i skiskyting i 2010.
To 4. plassar og ein 5. plasss frå norgescupen i 2010.
7 .plass samanlagt på norgescupen i 2010.
10. plass på junior-NM i skiskyttarsprint i 2010.

Johannes Thingnes Bø
To gull under rulleski-NM 2009.
2.plass i norgescupen i skiskyting i 2010.
Har to 1. plassar og to 2. plassari norgescupen i 2010.

Pål Andre Skrede
1. og 2.- plass i NM i skilfeltskyting i 2010.
2., 11. og 15. plass i norgescupen i skiskyting i 2010.
49. plass i junior-NM i langrenn i 2010.

Helge Hafsås
Helge vart offisiell norsk meister i Ultraløp (6-timersløp) i 2009.
Han vart og den første offisielle norske meistaren på 100 km løp i 2008.
Har pr.dags dato vunne 128 maratonløp (desidert flest i verda) og 14 ultraløp.
Han er innehavar av noregsrekorden på 100 km, den nordiske rekorden på 6-timersløp.

Inger Anne Frøysedal
Gull i innendørs-NM i tresteg i 2010.
Gull i NM i tresteg i 2009 og sølv i 2008.
16. plass i U23 i EM i 2009.
Ho har norgesrekorden i tresteg for 20 åringer.
Inger Anne har berre 44 cm att til norgesrekorden i tresteg på 13.83.
Frå Stryn, men konkurrar no for Tjalve.

Anna Kirsten Hellevang
Gull i NM i skifeltskyting i 2010.
6 gull i NM i skogsløp med skyting på normal og sprint sidan 2005.
Vunne 8 gull i NM skifeltskyting normal og sprint dei siste fire åra.
Gjekk tildlegare for Hardbagg og Rand Skyttarlag. Går no for Omvikdalen skyttarlag i Kvinnherad i Hordaland.

Ivar Ulvedal
Gull på 5 km klassisk i Spesial Olympic Games i 2009.
Sølv på 10 km fri i Spesial Olympic Games i 2009.
Gull på spesial Olypic Games i Holmenkollen i 2010.
Vunne ei rekkje lokale renn.

TARJEI BØ
1 gullmedalje og ein sølvmedalje i senior-NM i skiskyting i 2009
4 gullmedaljar i junior-EM i 2009.
1 gullmedalje junior-EM 2006
2 gullmedaljar junior-NM i langrenn i 2005 og 2006
4. plass verdenscupen før jul i 2009
2 fyrsteplassar og ein andreplass i WCup-stafett i 2010.
OL-gull stafett i Vancuver
Svært spennande stafett i Vancuver
Stor stemning i kulturhuset
Viktig for idretten
Viktig for Stryn kommune
Eit nytt merkevarenamn i indre Nordfjord


Stryn 30.03.2010


Nils Støyva
-ordførar-

fredag 2. april 2010

Kulturprisen i Stryn til Ol-vinnar Tarjei Bø


Appell i samband med markeringa av OL gull til Tarjei Bø i Stryn sentrum 30.03.2010.

Fylkesordførar, Tarjei Bø, inviterte gjester og idrettsvenner.

I dag er eg ein stolt, glad og kry ordførar. Vi skal markere at Stryn kommune har fått ein gullvinnar i OL. Ein annan som har vunne gull i Spesial Olympic Games, og heile sju idrettsutøvarar frå Stryn kommune som har vunne Noregsmeisterskap eller tilsvarande dei to siste åra.

Idretten har alltid stått sterkt her i indre Nordfjord. I alle grendelag av kommunen har vi aktive idrettslag med mange utøvarar som hevdar seg på nasjonalt toppnivå. Men ikkje minst har vi ein fantastisk breidde og masseidrett i bygdene våre. Halvparten av innbyggarane i fylket er medlem i eit idrettslag. Innanfor det frivillige arbeidet generelt og idretten spesielt blir det lagt ned eit fantastisk dugnadsarbeid. Berre i Stryn kommune er dugnadsarbeid innan idretten stipulert til om lag 60 årsverk. Eit fantastisk tal.
Kva hadde bygdene våre vore utan det frivillige arbeidet?

Utbygginga av dei mange idrettsanlegga i Stryn kommunen er det også grunn til å stoppe opp ved. Her vil eg særskilt drage fram utbyggingane som er gjennomførde av Veten il , Markane il og Stryn turn- og idrettslag. Desse laga har dei siste tiåra vore gjennom ei storstila utbygging av sine idrettsanlegg. Utan desse anlegga kunne vi ikkje fått fram alle desse utøvarane på høgt nasjonalt nivå. Anlegga er sjølvsagt bygde ut for å kunne gjennomføre internasjonale konkurransar.

Også på arrangementsida har idrettslag i kommunen vår utmerka seg på ein svært positiv måte.
Hardbagg il, Veten il , Markane il og Stryn turn- og idrettslag har alle gjennomført store nasjonale og internasjonale arrangement. Junior VM på ski i nordiske greiner er nok det største og mest prestisjefylte arrangementet som har blitt gjennomført til denne tid. Viss eg kjenner idrettslaga våre rett, er eg trygg på at store nasjonale og internasjonale arrangement vil bli gjennomført også i åra framover.

Idrett er også politikk. På nasjonalt nivå vert det i desse dagar brukt store ord om den planlagde samhandlingsreforma. Det blir snakka om at kommunane skal få 20 mrd til å gjennomføre denne reforma. Ein viktig del av reforma er førebyggande og helsefremmande arbeid. I staden for å bruke pengar på å reparere skal vi nytte ressursar på å førebygge. Etter mitt syn er idrett og førebyggande arbeid ein del av same sak. Idrettsrørsla gjer allereie eit fantastisk førbyggande- og helsefremmande arbeid.

Idretten er også ein viktig av våre sosiale aktivitetar og fritidssyslar. Når eg ser utover flokken veit eg at mange av oss – ja kanskje dei fleste- har brukt svært mykje tid på idrettsarbeid. Samfunnet vårt hadde vore mykje fattigare dersom vi ikkje hadde hatt ei så sterk idrettsrørsle i landet vårt. Det gler meg stort å sjå på den fantastiske aktiviteten vi har t.d. har i skiløypene- og bakkane. Eg er sjølvsagt klar over at mange av idrettsbanene og hallane våre har sprengd kapasitet. Trass i ei slunken kommunekasse meiner eg vi må strekke oss langt for å støtte idrettslaga i arbeidet for å kunne auke anleggskapasiteten.

I Stryn har vi opp gjennom åra hatt ei rekkje stor idrettsprestasjonar.Vi hugsar vel alle Per Knut Aaland sine resultat i langrennssportet på 70 og 80-talet. Vi har har hatt topp internasjonale prestasjonar til Tore Andre og Jostein Flo på fotballbana. Men den største idrettprestasjonen fekk vi nok i Vancouver i vinter. Stemninga i kulturhuset under stafetten var til å ta å føle på. Då Tarjei rykka i frå Ørsterike og Russland på siste sløyfa var det som taket ville lette i kulturhuset. Ei stemning og spenning utan sidestykke. Takk skal du ha Tarjei. Du er velkomen heim til Fagre Stryn rett frå Khanty Mansiysk i Sibir. (Foto: Ove Svven)


Stryn 30.03.2010

Nils Støyva-ordførar-