torsdag 10. juni 2010

Rammevilkåra til den kraftforeldande industrien må sikrast.






I vårt fylke er industrien viktig for sysselsettinga og for mange lokalsamfunn. Vi har ein allsidig industri med mange tilsette, i tillegg kjem underleverandørar og alle andre som leverer varer og tenester til desse verksemdene. På mange måtar er mange av desse verksemdene lokomotiv i samfunnet og innanfor enkelte bransjar. Samarbeidskomiteen har tidligare påpeika utfordringane innanfor skipsindustrien.

Ein annan industri i fylket er den kraftforedlande industrien. Nedgangen av industriarbeidsplassar i fylket dei siste åra viser at det er nødvendig å rette fokus mot denne næringa òg. Innanfor den kraftforedlande industrien må vi ha rammevilkår som kan sikre og utvikle verksemdene i fylket.

For å få nye investeringar i denne industrien må det leggast til rette for langsiktige industrikraftkontraktar på same vilkår som fleire EU land allereie har, og få utvida støtteordningar for energieffektivisering. I tillegg må industrien sikrast like CO2 kvotereglar, dette for å unngå karbonlekkasje og auka globale CO2 utslepp, samt konkurranse og kompensasjonsordningar som tilsvarande industrien i EU landa.

Norsk prosessindustri har lågare utslepp enn kva vi finn andre stader i verda. Det er lite klimavenleg dersom aluminiums- eller silisiumforbruket i verda går ned.

Dei største utsleppa i samband med metallproduksjon handlar om kva energikjelder dei brukar. Norsk aluminiumsproduksjon basert på vasskraft slepp ut om lag 1,9 tonn CO2 pr. tonn produsert aluminium. Aluminiumsproduksjon på kolkraft fører til utslepp på heile 15,3 tonn CO2 pr. tonn aluminium.

Vasskrafta er den reinaste industrikrafta, og vi må kunne utnytte dette også i framtida. Vi må også ta vare på den kunnskapen og kompetansen som er tileigna gjennom lang tid her i fylket

Nye investeringar innanfor denne industrien må sikrast.



Helsing Samarbeidskomiteen mellom Sogn og Fjordane Arbeidarparti
og LO i Sogn og Fjordane


Nils P. Støyva
Fylkespartileiar


Arvid Langeland
Los Distriktsekretær



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar