onsdag 13. juli 2011

Frivillig innsats er viktig i lokalsamfunnet

Det er høgsommar med stor aktivitet i by og grend. Det er høgsesong for festivalar, kulturarrangement, turneringar. Folkemusikkfestivalen i Førde, Måløydagane, Målrock i Årdal og Motorfestivalen er gode eksempel på dette. Til helga er countryfestival på Breim. Dette arrangementet får besøk av Kulturminister Anniken Huitfeldt, som skal vurdere å gi denne festivalen støtte gjennom statsbudsjettet.
Det som pregar desse arrangementa er stor frivillig innsats. Dei frivillige organisasjonane gjer ein stor innsats for levande lokalmiljø og er ein viktig demokratisk ressurs for storsamfunnet. Det frivillige kultur- og organisasjonslivet skapar aktivitet og gir høve for deltaking. Mange menneske legg ned eit stort frivillig arbeid i alle desse frivillige organisasjonane. Fleire organisasjonar legg i samarbeid med kommunane til rette for at folk kan bruke tid og krefter på å hjelpe andre, t.d. gjennom frivilligsentralane eller anna frivillig og ikkje-betalt arbeid. Frivillig innsats er viktige for å løyse viktige samfunnsoppgåver som folkehelse og inkludering.
Arbeidarpartiets vil støtte aktivt opp under eit levande samfunn og eit sterkt og sjølvstendig organisasjonsliv. Arbeidarpartiet vil stimulere til auka deltaking også frå grupper som i dag fell utanfor det frivillige organisasjonssamfunnet.
Regjeringa har auka meirverdikompensasjonen til frivillig sektor med 212 millionar kroner i 2011. Til saman får frivillig sektor kompensasjon som tilsvarer ei løyving på 608 millionar kroner i 2011. Denne satsinga for å styrke og betre rammevilkåra til frivillig sektor er historisk og er ein av hovudsatsingane i Kulturløftet. Målet for denne ordninga er å kompensere for utgifter som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Arbeidarpartiet vil sikre at momskompensasjonsordninga blir trappa opp til 1,2 milliardar kroner i 2014.
Idretten er den største frivillige rørsla i landet vårt. Noregs Idrettsforbund har 2 millionar medlemmar, og fleire hundre tusen frivillige som hjelpe til for å skape eit positivt aktivitetstilbod for barn, unge og vaksne over heile landet. Idretten er også med på å syte for at når andre samfunnsmål. Idretten er blant anna ein viktig inkluderingsarena, gir betre folkehelse, fysisk aktivitet i skulen og SFO, og kan vere et godt verktøy i arbeidet med å få fleire tilbake i arbeid. Arbeidarpartiet gjorde på landsmøtet vedtak om å styrke idretten og det lokale frivillige kulturlivet ved å gi desse ein større del av Norsk Tippings sitt overskot (tippenøkkelen). Samstundes skal forpliktingane i kulturløftet stå ved lag.
I statsbudsjettet for 2011 løyvde den raudgrøne regjeringa 157 millionar til musikkformål som blir fordelt gjennom kulturrådet. Disse pengane går til musikkfestivalar, musikarar på turné, tilskot til arrangørar. Den største potten går til musikkfestivalar og 2011 utgjer 32,8 millionar. I sitt alternative budsjett kutta FRP 60 millionar på desse ordningane.
Med eit pennestrøk vil FRP fjerne tilskot og stimuli til frivillige lag og organisasjonar. Dette er Arbeidarpartiet sterkt i mot. Frivillig arbeid er ein viktig del av verdiskapinga og velferdsstaten vår. Dette må vi slå ring rundt.


Med helsing

Nils P Støyva
-fylkesleiar-

mandag 11. juli 2011

Folketalsutvikling og arbeidsinnvandring


Folketalet i Stryn kommune hadde ved utgangen av 2010 auka med 51 til 7018 personar. Dette utgjer ein vekst på 0,73 % for kommunen. Tilsvarande auka folketalet i Sogn og Fjordane med 0,62 % og for landet under eitt utgjorde folketilveksten 1,28 %. Veksten i folketalet ser ut til å halde fram inn i 2011 ut frå dei oppdaterte tal som føreligg for 1. kvartal 2011. Tabellen under viser ein meir detaljert folketalsstatistikk for dei siste åra. Hovudgrunnen til at folketalet har vakse sidan 2007 er den store arbeidsinnvandringa til Stryn kommune. Nettotala for innvandring denne perioden ser slik ut: 2007: 97 personar, 2008: 116 personar, 2009: 116 personar, 2010: 90 personar. 11,6 % eller knappe 860 personar i Stryn kommune har bakgrunn som innvandrar. I Sogn og Fjordane er det berre Flora som har fleire personar med innvandrarbakgrunn. Også i nasjonal samanheng ligg vi høgt på denne statistikken.

År Fødselsoverskot Nettoflytting Årleg tilvekst Folketal 31.12 % endring
2007 15 50 65 6769 0,94 %
2008 19 56 75 6844 1,11 %
2009 32 93 123 6967 1,80 %
2010 25 26 51 7018 0,73 %

Av dei 816 personane med innvandringsbakgrunn, kjem heile 640 frå europeiske land. Dei baltiske landa, Polen, Slovakia og Sverige er landa som er sterkast representerte i Strynesamfunnet. 151 personar kjem frå Afrika eller Asia. Av desse 816 personane, kjem om lag 100 personar inn under kommunen sitt mottak av flyktningar. Dei fleste av flyktningane er i arbeid eller har språkopplæring.
Folketalsauken i Stryn og resten av fylket dei siste åra skuldast i stor grad arbeidsinnvandring. Hadde vi ikkje hatt denne arbeidsinnvandringa, ville folketalet gått tilbake.

Etter mi meining har våre nye landsmenn blitt ein viktig av lokalsamfunna våre. Arbeidsinnvandrarane er viktige fordi dei:
- er ein naudsynt del av arbeidskrafta til næringslivet
- aukar den lokale verdiskapinga
- held oppe og fører til folketalsauke
- er med på å halde oppe aktivitet i lag og organisasjonar
- aukar overføringa frå Staten til kommunane våre

Våre nye landmenn fører sjølvsagt også med seg utfordringar, som nye krav til offentleg forvaltning, språk og kulturforskjellar. Dette får eg kome attende til seinare. Men alt i alt er arbeidsinnvandringa positivt for lokalsamfunna i fylket vårt. Likevel er det viktig at vi alle legg vekt på å gjere våre nye landsmenn til ein del av ”bygda” vår. Inkludering og integrering er viktige stikkord som både eg og du må følgje opp.


Med helsing

Nils Støyva

fredag 8. juli 2011

Vi må skape fleire arbeidsplassar i Sogn og Fjordane

Arbeid til alle er Sogn og Fjordane Arbeidarparti sitt viktigaste mål. Verdiskaping er grunnlaget for velferd. Derfor vil Arbeidarpartiet føre ein aktiv næringspolitikk som legg til rette for full sysselsetting og eit nyskapande, kunnskapsbasert og miljøvennlig næringsliv. Arbeidarpartiet har vore og er det viktigaste næringspartiet.

Det er viktig å utvikle robuste bu- og arbeidsområde. Dette vil styrkje grunnlaget for auka aktivitet innafor olje og gass ved basen i Florø, prosessindustri i Svelgen, Høyanger og Årdal. Likeeins er det ei målsetting å etablere industri på Lutelandet og i Sløvåg, samt sikre Måløy kompetanse i internasjonal klasse i arbeidet med utvikling av vindkraft. Designsatsinga i Stryn må utviklast vidare. Like eins må datalagring i tilknyting til Lefdal gruver følgjast opp.

Det meste av næringsutviklinga i fylket skjer i byar og tettstader. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil i sterkare grad vektleggje og stimulere til sentrumsutvikling. Dette meiner vi igjen vil føre til folketalsvekst, fleire arbeidsplassar og meir verdiskaping. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide for at det offentlege høgskule- og forskingsmiljøet i fylket skal ha eit tettare samarbeid med arbeidslivet.

Like viktig som nyetablering er det å sikre at etablerte verksemder får utvikle seg. Endringar i m.a. marknad, etterspurnad og teknologisk utvikling krev at næringslivet må kunne tilpasse og omstille seg. Forsking og utvikling er viktig for å kunne få til omstilling og dermed betre konkurranseevna til næringslivet. Løyvingane til m.a. Innovasjon Norge, SIVA og Investinor, samt tilgangen til og bruken av risikovilleg kapital, vil vere avgjerande for å lukkast med omstillingar i næringslivet.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti har i løpet av våren gjennomført ei rekkje kontaktmøte eller samråd med næringslivet i fylket. Tilbakemeldingane frå næringslivet viser eit stort behov for risikokapital. Det er også eit sterk ynskje om at verkemidlane til Innovasjon Norge og SIVA må tilpassast betre behova i næringslivet. Arbeidarpartiet har arbeidd aktivt med dette både gjennom fylkeskommunen, stortingsgruppa og regjeringsapparatet. Vi ynskjer ei veloppfylt verktøykasse, mens Høgre og Frp vil tøme verktøykassa. Høgre argumenterar sterkt for ein næringsnøytal politikk der industribedrifter og ”pølsebuer” skal handsamst på same måten.

I den høgredominerte regjeringa frå 2001 til 2005, vart det skapt berre 20.000 nye arbeidsplassar. Gjennom denne aktive næringspolitikken vi har hatt frå 2005, har Arbeidarpartiet og den raudgrøne regjeringa lagt til rette slik at det har blitt skapt 250.000 nye arbeidsplassar, her av 170.000 i privat sektor. Resultata av den aktive næringspolitikken til Arbeidarpartiet talar for seg!

Med helsing

Nils Støyva
-fylkesleiar-