torsdag 8. juli 2010

Fjernvarme gir rein energi

Onsdag 07.07.2010 hadde underteikna innlegg på årsmøtet til Sogn og Fjordane Skogeigarlag. Etter ei generell orientering om Stryn kommune, gav ei grundig innføring i drifta ved Stryn Fjernvarme.
I innlegget mitt stilte eg følgjande spørsmål: Kvifor meinar eg at eit fjernvarme/biobrenselanlegg er (var) viktig for Stryn?
•Stor tilvekst (45.000 m3)av skog som ikkje blir avvirka (10-15.000m3)
•Mykje kapp og hun frå treindustri og sagbruk blir ikkje utnytta
•Energi er ein knappheitsfaktor •Fjernvarme er ei fornybar energikilde •Stryn v.g. skule kunne spare investeringar
•Kutte ut oljefyring i 16 bygg i sentrum og dermed spare utslepp av klimagassar
•Truleg er eit fjernvarmeanlegg i Stryn sentrum det mest effektive miljøtiltaket Stryn kommune kan sette i verk

Resten av innlegget kan du lese på heimesida til Stryn kommune:
http://www.stryn.kommune.no/Artikkel.aspx?AId=3450&back=1&MId1=467&MId2=&MId3=&

1 kommentar:

  1. Inger-Marie Svingeset8. juli 2010 kl. 09:29

    Hei igjen og takk for flott møte og godt engasjement. Ein liten korreksjon. Du var på årsmøte i Sogn og Fjordane Skogselskap. Spelar ingen rolle, men kansje nokon som vert fornerma. Glad for engasjement om skogbruk. Viktig at det blir sett på dagsorden og at den blir nytta. Når det er sagt,betyr skogbruket mykje for Stryn kommune gjennom tilførte midlar som som blir brukt i investering i næringa. På eit historisk lavmål som i 2009 dreia det seg om 7 mill. kr. Eg meinar det er heilt avgjerande at kommunen no får på plass minst ei heil stilling for å ta seg av denne næringa. Det trengs folk som har fagkompetanse og kan drive rådgjeving og bygge nettverk mellom dei ulike ledda for å få aktiviteten opp igjen. Her har kommunen ei viktig oppgåve som ikkje bør nedprioriterast. Eg håpar verkeleg at de får alle tal på bordet når denne saka skal handsamast. Lukke til med prosessen.

    SvarSlett