torsdag 22. juli 2010

Eit arbeid til å leve av.

Kommunal sektor har mange utfordringar i tida framover. Ein av dei største er nok å rekruttere arbeidskraft til pleie- og omsorgsektoren. Berre i min eigen kommune skal vi erstatte om lag 60 personar som går av med pensjon dei næraste åra. Dei fleste av desse er kvinner. Årsakene til at det vanskeleg å rekruttere er mange. Eg kan nemne: Låg løn, fysisk tungt og stressande arbeidsmiljø og svært mange deltidsstillingar. Over halvparten av dei som arbeider i omsorgssektoren er faktisk tilsette i små deltidsstillingar. Det fleste av desse er kvinner. Ein del kvinner ønskjer å arbeide i deltidsstillingar, men mange har søkt om å få større stillingar år etter år utan å vinne fram med krava sine. Arbeidssituasjonen vert av denne grunn uryddig og vanskeleg. Det er heller ikkje mogeleg å leve av inntektene frå ei lita deltidsstilling. Svært mange tek ekstravakter og arbeider meir enn i det stillingsstorleiken skulle tilseie, men det er altså vanskeleg å få fast tilsetting i heile stillingar.

Årsakene til at kommunane opererer med så mange deltidsstillingar er m.a. dårleg kommuneøkonomi, lav grunnbemanning, ubekvem arbeidstid, organisering og opplegg med turnusordningane og trong for eit visst tal personar for å fylle opp vaktene. Det er viktig at kommunane og fagorganisasjonane arbeider saman for å få fleire heile stillingar. Nye turnusordningar må prøvast ut for å sjå om dette kan vere eit verkemiddel for å få ned tal deltidsstillingar. Like eins må det arbeidast aktivt for å kombinere stillingar på ulike fagfelt. Det også viktig å kunne auke grunnbemanninga.

Høgre har denne våren fremma eit lovforslag i Stortinget om å endre arbeidsmiljølova slik at lokale tillitsvalde kan ta avgjerder og lage alternative lokale turnus- og vaktordningar. Dette er svekking av dei fagleg rettane og kan ikkje aksepterast. Både samfunnet generelt og arbeidsgjevarane sine haldningar til ”kvinnearbeid” er eit anna viktig område som må endrast. Tradisjonelt sett er det kvinna som arbeider deltid. Dette er eit resultat av ”forhandlingar i parforholdet” og økonomiske tilhøve. Kvinna har i mange tilfeller den lågaste inntekta og vel sjølv å redusere stillinga si i lange periodar. Difor er det viktig også i eit likestillingsperspektiv å innføre heiltidsstillingar i mykje større grad enn det som er dagens praksis. Sogn og Fjordane Arbeidarparti har teke opp utfordringar med deltidsstillingar ved fleire høve, sist på fylkesårsmøte i 2010. Sjølv tok eg opp saka på siste landsstyremøte i Arbeidarpartiet. Vi kan rett og slett ikkje tilby nyutdanna ungdom små brøkstillingar som det ikkje er mogeleg å leve av.

Nils Støyva
-fylkesleiar-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar