tirsdag 13. juli 2010

Regjeringa har greidd å halde oppe full sysselsetting

Den raudgrøne regjeringa med Jens Stoltenberg i spissen har lukkast med den økonomiske politikken. I mange land i Europa har arbeidsløysa vakse til over 10 %. I Noreg har vi derimot ei rekordlåg arbeidsløyse. Arbeidsløysa er faktisk lågare enn den nokon gong ha vore dei siste 20 åra. Landet vårt har også klart seg svært godt gjennom finanskrisa som har ramma verda. Fleire land i Europa opplever dei sterkast økonomiske tilbakeslaga på 70 år.
Gjennom alle desse brotsjøane, har Jens Stoltenberg (Ap) ført ein ansvarleg økonomisk politikk. Under finanskrisa for eit års tid sidan vart oljepengane brukte målmedvite for å bekjempe finanskrisa og arbeidsløysa. Næringspolitikken samt budsjett- og inntektspolitikken har vore med på å legge grunnlaget for denne utviklinga. Eller som finansminister Sigbjørn Johnsen seier: Vi må legge til sides pengar i gode tider, som vi kan tære på i dårlegare tider.

Sett frå min ståstad er det viktig å skape verdiane før dei vert omfordelte til fellesskapen.
Gjennom ein vellukka økonomisk politikk har ein trass nedgangstider greidd å ta vare på og auke verdiskapinga i samfunnet. Dette er grunnlaget for kunne løfte fram ein politikk bygd på solidariske fellesskapsløysingar.

Samferdsle
Ein viktig del av den skapande politikken er Regjeringa si formidable satsing på opprustning av veg, jernbane og annan infrastruktur. For første gang blir Nasjonal Transportplan følgt opp gjennom dei årlege løyvingane i statsbudsjettet. Det er gjennomført eit taktskifte i samferdselspolitikken. Gjennom å ruste opp infrastrukturen vil kvardagen for meg og deg bli lettare. Dette vil også betre miljøet og styrke næringslivet si konkurransekraft og verdiskaping gjennom å få ned transportkostnadene.
Satsinga på kollektivtransport og jernbane vil bli særleg sterk i og omkring dei største byane, mens løyvingane til vegbygging vil vekse, særleg i distrikta. Det er også viktig å understreke trongen for å satse på dei mjuke trafikantane gjennom bygging av gang- og sykkelvegar. Nullvisjonen for tal drepne i trafikken vil vere styrande for alle delar av transportsektoren.Trass i auka vegløyvingar, er det framleis mykje som står att av manglande samband og standard på vegnettet. Etterslepet på vedlikehaldet er eit alvorleg problem. Like eins må innsatsen for trafikktryggleik og rassikring haldast oppe. På halvårskonferansen til Regjeringa i 2010 sa statsministeren at dårleg vegnett er dårleg samfunnsøkonomi. Han la også til at løyvingane må haldast oppe og auke i tida framover.

Næringspolitikk
Næringspolitikken er ein viktig føresetnad for å kunne halde oppe full sysselsetting for å kunne auke verdiskapinga. Delar av industrien slit framleis med verknadene av finanskrisa. Særleg har verftsindustrien og deler av den maritime næringa hatt store utfordringar. For å betre rammevilkåra for desse næringane kom Regjeringa denne våren med ein tiltakspakke som har blitt godt motteken.

Rammevilkåra for den kraftforedlande industrien er ei anna viktig utfordring i Sogn og Fjordane. Lokalsamfunn som Svelgen, Høyanger og Årdal er heilt avhengige av at denne industrien utviklar seg positivt. Hydro og Elkem er bærebjelken i desse lokalsamfunna. Nedgangen i talet på industriarbeidsplassar i fylket dei siste åra har vist at det er naudsynt å rette fokus mot utvikling av denne næringa.
For å få nye investeringar i denne industrien må det leggast til rette for langsiktige industrikraftkontraktar på same vilkår som fleire EU-land allereie har. Vi må også få utvida støtteordningar for energieffektivisering. I tillegg må industrien sikrast like CO2 kvotereglar.
Dette for å unngå karbonlekkasje og auka globale CO2 utslepp. Det er viktig at Noreg har dei same kompensasjonsordningane og konkurranse vilkåra som den tilsvarande industrien i EU- landa.

Rammevilkåra for gründerar og nyetablerar er eit fagfelt Næringsminister Trond Giske har teke tak i denne våren. Næringsdepartementet har gjennomført ei undersøking av personar som har starta ei bedrift i løpet av siste året. Denne peikar på at vi har eit for komplisert regelverk og eit for stort skjemavelde for nyetablerar. Like eins har vi avgrensingar i rettar til sjukepengar og for strenge krav til revisjonsplikt. Trond Giske har sagt at han vil ta tak i desse utfordringane og betre rammevilkåra for gründerar og nyetablerar.

Siste tida har det i fleire saker blitt retta sterk kritikk mot Regjeringa. Særleg har FRP kome med mykje svartmåling. Av og til kan ein få inntrykk av at vi lever i eit underutvikla u-land som er ”skakkøyrt” på alle område. Denne svartmålinga og den negative skildringa fell på sin eigen steingrunn. Trass i at det er mange politiske utfordringar på fagfelt som utdanning, energi, helse- og omsorg, har Regjeringa styrt landet vårt på ein god måte. Ein vellukka økonomisk politikk med svært låg arbeidsløyse er den beste dokumentasjonen på dette.

Med helsing

Nils Støyva
-fylkesleiar i Ap-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar