lørdag 31. juli 2010

Reiseliv er ei vekstnæring

Vi er midt inne i den mest hektisk tida for reiselivet i fylket. 2010-sesongen ser ut til å bli noko betre enn sesongen førre år, men det tek enno litt tid før næringar når gjestedøgntala frå eit par år sidan.. Alle solemerke tilseier likevel at reiselivet vil vere ei vekstnæring i åra framover. Årsaka til dette er at vi får betre økonomi både nasjonalt og globalt. Fritida vår vil auke. Vi får større behov for auka fysisk aktivitet, gjerne ute i naturen. Det er elles verdt å merkje seg at reiselivet er ei global næring der destinasjonane på Vestlandet i større og større grad må konkurrere med reisemål ute i Europa og i andre verdsdelar.
Fylkestinget vedtok i juni månad ein ny reisereiselivsplan for Sogn og Fjordane. Planen er utarbeidd i samarbeid med næringslivet i fylket. Planen byggjer på prinsippet om partnarskap og er eit felles verkty for å utvikle og gjere ressursane for næringa meir tilgjengelege.Fylket vårt har rike tradisjonar for reiselivet. Desse tradisjonen strekkjer seg tilbake til 1800-talet då dei første utanlandske turistane kom til fjordane, fjella og bygdene våre. Dei viktigaste attraksjonane våre har heile tida vore den storslagne naturen vår. Det er i hovudsak fjordane og breane den tradisjonelle reiselivskunden oppsøkjer. Den beste dokumentasjonen på dette er at ”National Geographic Traveller Magazine” har kåra fjordane våre som det beste uberørte reisemålet i verda!
Reiselivsplanen inneheld sju strategiar med tilhøyrande tiltak for utvikling av reiselivet i fylket. I stikkordsform er dette følgjande strategiar: Samhandling, berekraft, produktutvikling, verkemiddelbruk og private investeringar, infrastruktur, marknadskommunikasjon og kunnskap og kompetanse. Sett frå min ståstad er følgjande strategiar eller satsingsområde dei viktigaste:
Marknadskommunikasjon
Skal vi få vekst i reiselivet og fleire overnattingsdøgn, må vi bruke meir ressursar på marknadsføring. Samstundes er det viktig at vi skaffar oss meir marknadskunnskap slik at vi i større grad kan prioritere mellom dei ulike marknadssegmenta. Vi må velje marknadssegment som gir betre inntening. Vi må også i større grad spisse bodskapen vår og få betre fram det vi er særskilt unike på.
Produktutvikling
I arbeidet med produktutvikling må vi i større grad prioritere det vi er gode på. Vi må utnytte våre komparative fortrinn. Det er viktig å kunne sjå naturopplevingar i samanheng med kulturopplevingar og mattradisjonar. Kulturopplevingane må tilpassast reiselivskunden sine ynskje. Breane og fjordane har eg tidlegare nemnt. Nasjonalparkar, verdsarvområde, nasjonale turistvegar, og hav- og kystoppelevingar er alle viktige produktområde for vårt fylke som må utviklast vidare. Ein sentral del av produktutviklinga er å arbeide målmedvite med kvalitetssikring. Erfaringa viser at det er verksemder med høg kvalitet i alle ledd som vinn fram i marknaden.
Kunnskap og kompetanse
Eit anna viktig tema er å tilføre næringa kompetanse. Næringa må i sterkare grad knytast opp mot kunnskapsmiljøa på universitet og høgskular. Det er viktig at det vert laga eit betre system for overføring og utnytting av tilgjengeleg kunnskap. Gjennom auka kunnskap må vi bli betre på marknadsføring, tilrettelegging og utøving av vertskapsrolla. FoU–miljøa, verkemiddelapparatet og næringa må koplast tettare saman. Eit eksempel på dette er NCE-prosjektet (Norwegian Center of Expertise Tourism) som vert gjennomført i regi av Fjord- Noreg. Dette er ei langsiktig satsing som nettopp skal sjå næring og kompetanse i samanheng.

Den noverande raudgrøne regjeringa har auka løyvingane til internasjonal marknadsføring dei siste åra. Dette er bra, men det er enno langt att før vi når nivået til land vi i konkurrerer om reiselivskundane med. I Soria Moria II erklæringa heiter det: ”Regjeringen vil styrke kunnskapen om Norge som reisemål og forsterke arbeidet med merkevarebygging og marknadsføring av Noreg som reisemål i inn- og utland.”. Dette må følgjast opp med konkrete tiltak. Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane er eit viktig styrande dokument for å følgje opp Regjeringa si satsing på reiseliv.Reiseliv er ei næring som krev langsiktig og strategisk arbeid. Det er difor viktig å gi bedriftene og destinasjonsselskapa stabile rammevilkår over tid. Det er berre gjennom langsiktig arbeid vi kan greie å auke tal gjestedøgn og få til meir aktivitet i vinter- og skuldersesongane. Dette vil igjen auke verdiskapinga i næringa og gje grunnlag for fleire arbeidsplassar.

Med helsing

Nils Støyva
-fylkesleiar i SF Ap-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar