onsdag 13. juli 2011

Frivillig innsats er viktig i lokalsamfunnet

Det er høgsommar med stor aktivitet i by og grend. Det er høgsesong for festivalar, kulturarrangement, turneringar. Folkemusikkfestivalen i Førde, Måløydagane, Målrock i Årdal og Motorfestivalen er gode eksempel på dette. Til helga er countryfestival på Breim. Dette arrangementet får besøk av Kulturminister Anniken Huitfeldt, som skal vurdere å gi denne festivalen støtte gjennom statsbudsjettet.
Det som pregar desse arrangementa er stor frivillig innsats. Dei frivillige organisasjonane gjer ein stor innsats for levande lokalmiljø og er ein viktig demokratisk ressurs for storsamfunnet. Det frivillige kultur- og organisasjonslivet skapar aktivitet og gir høve for deltaking. Mange menneske legg ned eit stort frivillig arbeid i alle desse frivillige organisasjonane. Fleire organisasjonar legg i samarbeid med kommunane til rette for at folk kan bruke tid og krefter på å hjelpe andre, t.d. gjennom frivilligsentralane eller anna frivillig og ikkje-betalt arbeid. Frivillig innsats er viktige for å løyse viktige samfunnsoppgåver som folkehelse og inkludering.
Arbeidarpartiets vil støtte aktivt opp under eit levande samfunn og eit sterkt og sjølvstendig organisasjonsliv. Arbeidarpartiet vil stimulere til auka deltaking også frå grupper som i dag fell utanfor det frivillige organisasjonssamfunnet.
Regjeringa har auka meirverdikompensasjonen til frivillig sektor med 212 millionar kroner i 2011. Til saman får frivillig sektor kompensasjon som tilsvarer ei løyving på 608 millionar kroner i 2011. Denne satsinga for å styrke og betre rammevilkåra til frivillig sektor er historisk og er ein av hovudsatsingane i Kulturløftet. Målet for denne ordninga er å kompensere for utgifter som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Arbeidarpartiet vil sikre at momskompensasjonsordninga blir trappa opp til 1,2 milliardar kroner i 2014.
Idretten er den største frivillige rørsla i landet vårt. Noregs Idrettsforbund har 2 millionar medlemmar, og fleire hundre tusen frivillige som hjelpe til for å skape eit positivt aktivitetstilbod for barn, unge og vaksne over heile landet. Idretten er også med på å syte for at når andre samfunnsmål. Idretten er blant anna ein viktig inkluderingsarena, gir betre folkehelse, fysisk aktivitet i skulen og SFO, og kan vere et godt verktøy i arbeidet med å få fleire tilbake i arbeid. Arbeidarpartiet gjorde på landsmøtet vedtak om å styrke idretten og det lokale frivillige kulturlivet ved å gi desse ein større del av Norsk Tippings sitt overskot (tippenøkkelen). Samstundes skal forpliktingane i kulturløftet stå ved lag.
I statsbudsjettet for 2011 løyvde den raudgrøne regjeringa 157 millionar til musikkformål som blir fordelt gjennom kulturrådet. Disse pengane går til musikkfestivalar, musikarar på turné, tilskot til arrangørar. Den største potten går til musikkfestivalar og 2011 utgjer 32,8 millionar. I sitt alternative budsjett kutta FRP 60 millionar på desse ordningane.
Med eit pennestrøk vil FRP fjerne tilskot og stimuli til frivillige lag og organisasjonar. Dette er Arbeidarpartiet sterkt i mot. Frivillig arbeid er ein viktig del av verdiskapinga og velferdsstaten vår. Dette må vi slå ring rundt.


Med helsing

Nils P Støyva
-fylkesleiar-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar