onsdag 4. mai 2011

Arbeidarpartiet vil ha ein framtidsretta landbrukspolitikk

Framtida til norsk landbruk var eit av fleire viktige tema som vart handsama på Arbeidarpartiet sitt landsmøte. Arbeidarpartiet har i sin uttale frå landsmøtet sagt at norsk landbruk skal produsere trygg mat, sikre matforsyninga, gje mangfald i kulturlandskapet og vere ein av berebjelkane i sysselsetting og busetting over heile landet. Eit robust landbruk er også viktig for andre næringar som td. næringsmiddelindustrien og reiselivet. For å kunne møte desse oppgåvene, er det nødvendig med ein landbrukspolitikk som gir næringa akseptable og langsiktige rammevilkår.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti hadde på førehand kome med fleire fråsegner og innspel om saka. Saman med viktige landbruksfylke som Nord-Trøndelag og Oppland, fekk vi gjennomslag for ei rekkje av våre viktigaste krav for landbruket i Sogn og Fjordane.

Eit samrøystes landsmøte har sagt følgjande om lønsemda i landbruket:
”Næringens samlede lønnsomhet må bedres i årene som kommer. Bønder er selvstendige næringsdrivende med ansvar for egen inntekt. Gjennom landbrukspolitikken må rammevilkårene utformes slik at yrkesutøverne i landbruket kan få en inntektsutvikling på linje med andre grupper i samfunnet.”

Landsmøtet sa vidare følgjande om måla for matproduksjonen:
”Det er et mål at man, innenfor de til enhver tid gjeldende handelspolitiske rammer, legger til rette for økt produksjon av landbruksvarer som det er et naturlig grunnlag for å produsere nasjonalt og som markedet etterspør. Selvforsyningsgraden bør derfor opprettholdes om lag på dagens nivå. Landbruksnæringen har selv ansvaret for å ivareta forholdet mellom produksjon og etterspørsel.”

Landsmøtet understreka at det framleis er trong for tollvern og marknadsordningar for landbruket. Det er svært viktig at marknadsordningane for landbruket blir vidareført og at samvirket blir sikra ei rolle som marknadsregulator. Eit sterkt importvern for landbruksprodukt er avgjerande for framleis å ha eit levedyktig landbruk i heile landet.

Landbrukspolitikken må ha ei innretning slik at det kan produserast mat over heile landet. Ved sidan av å utnytte naturressursane til produksjon av mat, er landbruket i distrikta viktig for sysselsetting og busetting. Eit aktivt og levedyktig landbruk vil også i større grad sikre at eigarskapen til landbrukseigedomane og naturressursane blir halde på lokale hender.

Det er også viktig å ha ein landbrukspolitikk som gir ein fornuftig balanse mellom bruk og vern av naturressursane. Dette gjeld særleg forvaltninga av rovdyra og bandlegginga av areal til ulike typar verneføremål. Arbeidarpartiet vil ha levedyktige beitenæringar og utøve ei aktiv og tydleg rovdyrforvaltning i tråd med dei vedtekne bestandsmål. På denne måten vil konfliktnivået mellom småfenæringa og rovdyra bli reduserte.

Arbeidarpartiet sitt landsmøtet gjorde gode vedtak for å få ei framtidsretta landbruksnæring i landet vårt. Vedtaka er med på å legge klåre føringar inn mot den komande landbruksmeldinga og landbruksforhandlingane denne våren.

Nils Støyva
Fylkesleiar i SF Ap

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar