tirsdag 17. mai 2011

17. mai 2011. Tale i Utvik og Innvik.


Til lukke med dagen og takk for invitasjonen for å kome over fjorden for å halde 17. mai tale. Eg veit De har vore gjennom ei tradisjonell 17. mai feiring med tog, gudsteneste, leikar for barn og unge og dette arrangementet. Alt dette er flotte tradisjonar som De må ta vare på.

17. mai feiringa er først og fremst barna sin dag. Det er alltid kjekt å sjå festkledde barn og unge som har gledd seg til denne feiringa i fleire veker. Flotte klede, glede og stor stemning er det som pregar nasjonaldagen vår. Det er få eller ingen andre land i verda som markerar nasjonaldagen på denne måten. Magne med meg undrar seg på kvifor dette er slik i Noreg. Dette heng saman med at vi er ein relativt ung nasjon. Dette heng nok også saman med at vi i 1814 hadde vore styrt av danskane frå København og seinare av svenskane frå Stockholm i mange hundrede år.

Er så nasjonaldagen og grunnlova noko å feire og markere, spør mange? Svaret mitt er eit RUNGANDE JA. Grunnlova må vi hegne om, vere stolte av og beskytte kvar på vår plass. I kvardagen tenkjer vi ikkje over dette. Men med åra har eg blitt meir og meir klar over kva betyding grunnlova har. I mitt virke som ordførar ser eg dette tydlegare og tydlegare. Der er viktig å ha nokre overordna knaggar som grunnlova å forholde seg til.

I internasjonalt perspektiv er fridom, demokrati og ”grunnlov” kanskje endå viktigare. Sjå på folkereisninga vi det siste halvåret har hatt i Nord-Afrika og Midtausten. I årevis har folket i desse landa vore underkua av ein liten maktelite. 1% av folket eller nokre få slekter har styrt og tyrannisert den store majoriteten. Grasrotopprøra vi har sett i Egypt, Tunis, Syria og Jemen er ei folkereisning med krav om fridom, demokrati og velferdsvekst. Den oppveksande generasjon i desse landa finn seg rett og slett ikkje i å bli behandla på denne måten. Framtida vil vise korleis det går. Men eg trur at freden i desse landa er avhengig av at innbyggarane får fridom, demokrati og ei ny grunnlov.

For nokre år sidan var eg på ein ferietur til Thailand. Midt under opphaldet i Bangkok, vart det gjennomført eit militærkupp i landet. Vi fekk beskjed om å halde oss på hotellet for å unngå uro i gatene. På dei lokale fjernsynskanalane var det ikkje informasjon å få. Det vart berre spela musikk. Vi måtte til BBC for å få greie på kva som skjedde. BBC vart kanalen som gav oss kontakt med omverda. Eg trur nordmennene oppleve det same under 2. verdskrig. BBC og Thoralf Øksnevad sine sendingar frå London vart svært viktige for landet vårt, og fridomen vi fekk igjen etter 5 år. Heldigvis gjekk kuppet i Thailand bra. Ingen vart skadde eller drepne. Men denne hendinga har nok ført til at eg set endå meir pris på fridomen, grunnlova og nasjonaldagen vår.

Eit anna ”fenomen” som pregar kvardagen vår, er store medieoppslag, ofte med sensasjonspreg og ein merkverdig eller svært kritisk innfallsvinkel. Det er greitt nok å påpeike feil og overtramp. Men eg tykkjer det blir for mykje svartmåling. Nei. La oss bli flinkare til å setje pris på landet, fylke og særskilt kommunen vår. Vi bur i verdas rikaste land og kanskje det vakraste. Og dei fleste har det bra i landet vårt. For nokre år sidan hadde vi besøk av Kronprinsparet her i Vikane og Stryn. Vi fekk vist dei naturen, kulturen og næringslivet vårt. På bilturen frå Innvik til Stryn fortalde Kronprinsparet om tidlegare vitjingar i Nordfjord. Kronprinsesse Mette Marit sa at vi som bur i ein av dei flottaste kommunane i landet. Vidare sa ho at Stryn kommune har svært mange kjende merkevarenamn. I kvardagen er det ikkje alltid vi tenkjer over dette. Trass i at enkelte bedrifter slit i motbakke, veit eg at det er mange som misunner oss naturen, kulturen og næringslivet vår. Vi må i sterkare grad sette pris på dei livskraftige bygdene våre.

Noko av det eg set mest pris på med bygdene våre, er dugnadsånda eller evna til å løfte i flokk. Dette med å kunne stå fram saman og gjere oppgåver for fellesskapen er svært verdifullt. Ein god gammal tradisjon som i moderne språk blir kalla bygdeutvikling.
Eg veit at det føregår mykje av dette dugnadsarbeidet også her i Utvik/Innvik. Dette arbeidet tilfører kommunen og landet vårt stor verdiskaping og er ein viktig berebjelke i velferda vår.
På ein dag som dette må eg få kome med eit stor takk til alle dei som i år etter år legg ned 1000-vis av dugnadstimar for frivillig arbeid gjennom lag og organisasjonar. Utan Dykk hadde landet vårt vore mykje fattigare.

Våre nye landsmenn er ei anna sak som vi må stoppe opp ved på grunnlovsdagen. Siste åra har folketalet vakse med 350 i Stryn kommune. Denne veksten skuldast i hovudsak innvandring frå andre land. Dei fleste kjem frå europeiske land, men vi har også innslag av meir framande kulturar. Mange av desse kjem til landet vårt for å arbeide og vere med på verdiskapinga. Vi har om lag 750 innbyggarar i Stryn kommune av utlandsk opphav eller 11% av innbyggarane. Vi er faktisk den kommunen i fylket som høvesvis har flest innvandrarar.

Det er viktig å ta i mot våre nye landsmenn på god og verdig måte. Vi må alle kvar på vår kant få dei til å bli ein del av lokalsamfunna våre. Stopp opp og slå av ein prat med dei. Vis at vi set pris på dei, og prøv å forstå korleis dei har det i det nye landet. Invitere dei med i idrettslaget , foreiningar og 17. mai komitear. Vi må kunne lære av våre nye landsmenn. Dei har med seg kulturar, idear og skikkar som vi må ha toleranse for og forståing av. Gjer vi dette, er eg trygg på at alle blir berika av dei nye landsmennene. Tenk også på dei 5 millionane landmenn med norsk avstaming som lever i USA. Desse var også innvandrar til ein ny nasjon om vi ser tilbake i tida. Norskamerikanarane i dag er ein viktig berebjelke i det amerikanske samfunnet. Dette kan vi tenkje på når vi behandlar våre nye landsmenn.

Med desse orda vil eg igjen få gratulere Dykk med dagen, og ynskje Dykk lukke til med resten av arrangementet.

Stryn 17.05.2011


Nils Støyva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar