mandag 16. mai 2011

Utfordringar i den vidaregåande skulen

Det har i den seinare tid vore mykje diskusjon om opplæringstilboda og strukturen på den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen har starta eit strategiarbeid på fagområdet som skal handsamast i fylkestinget i desember. I mellomtida skal det vere fylkestingsval der opplæringstilbodet i den vidaregåande skulen blir ei av dei viktigast sakene. Bakgrunnen for diskusjonen er at talet på elevar i Sogn og Fjordane på sikt går dramatisk ned. Frå 2014 til 2020 vil elevtalet i den vidaregåande skulen bli redusert med vel 20%. Klassetalet vil sjølvsagt også bli redusert. Nedgangen i elevtal vil variere mykje i Sogn og Fjordane. I delar av fylket er nedgangen større enn gjennomsnittstala for fylket, mens andre område har ein stabil elevtilgang.
Nokre politikarar og andre har allereie sagt at tal vidaregåande skular må reduserast frå 13 skular som vi har i dag, til 4 store skular. Andre har sagt at vi må legge ned to skular. Dette ville føre til sterk sentralisering av dei vidaregåande skulane i fylket. Dette er Sogn og Fjordane Arbeidarparti i mot. I partiprogrammet frå 2011 – 2015 står følgjande: ”Dei vidaregåande skulane må i større grad vere ein arena for livslang læring. Tilbodet innan opplæringa må reflektere både næringslivet sine behov og elevane sine ønske. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil oppretthalde ein desentralisert skulestruktur tilpassa dagens behov”.
Både privat og offentleg sektor vil i tida framover få endå større trong for kunnskap og kompetanse. Ein av dei viktigaste leverandørane av arbeidskraft er og blir den vidaregåande skulen. Den vidaregåande skulen er på mange måtar den viktigaste linken mellom lokalsamfunna, kommunane og fylkeskommunen. Undersøkingar viser at dess lenger ungdom får gå på vidaregåande skule i heimkommunen, dess større sjanse er det for at dei flyttar tilbake til heimkommunen etter fullført høgare utdanning.
Politiske vedtak gjennom m.a. fylkesplanen seier at fylkeskommunen skal bli ein sterk utviklingsaktør i Sogn og Fjordane. I 2010 brukte fylkeskommunen vel 700 millionar på opplæring som utgjer om lag 40 % av driftsutgiftene til fylkeskommunen. Sett frå Arbeidarpartiet sin ståstad, må den vidaregåande skulen bli ein endå meir sentral regional utviklingsaktør. Dette er også framheva fleire stader i vårt nye partiprogram. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide for å utvikle dei vidaregåande skulane i fylket til viktige kompetanse- og ressurssenter. Arbeidarpartiet har også påpeika at skulane gjennom partnarskapsavtalar og prosjekt om entreprenørskap skal utvikle eit tettare og nærare samarbeid mellom skule og næringsliv.
Kompetanse og kunnskap blir viktigare og viktigare i tida framover. Skal landet vårt henge med i ein stadig sterkare internasjonal konkurranse, er nok kunnskap samt forsking og utvikling dei viktigaste faktorane for å kunne lukkast. Eit samrøystes landsmøte til arbeidarpartiet sa følgjande om utdanningspolitikken:”Kunnskap er avgjørende for å løse morgendagens oppgaver. Arbeiderpartiet har som ambisjon at norsk skole skal være i verdenstoppen. I den offentlige fellesskolen forberedes barn og unge til aktiv og solidarisk deltakelse i et moderne, demokratisk og mangfoldig samfunn. Arbeiderpartiet vil fortsette arbeidet med å styrke kvaliteten i fellesskolen slik at flere elever lærer mer, fullfører og består. Skoleutvikling tar tid og må baseres på kunnskap om hvilke tiltak som fungerer best. I årene fremover vil Arbeiderpartiet gradvis bidra til å bygge en mer helhetlig skoledag rundt elevene.”
Vi går snart inn i ein viktig valkamp fram mot fylkestingsvalet. Alle må sjølvsagt ta innover seg at elevtalet går ned, men det blir etter vårt syn feil å gå inn i dette arbeidet med å seie at ein skal starte ei sterk sentralisering av skulemønsteret.
Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil at flest muleg elevar skal bu heime under skulegangen. Skal elevane i den vidaregåande skulen få eit godt tilbod nærast muleg heimstaden, må utdanningsprogramma sikre både dimensjonering og breidde i opplæringstilbodet i fylket. Dette vil utfordre skulane til større grad av samarbeid og omstilling. Får ein til ei slik omstilling vil vi kunne oppretthalde ein desentralisert vidaregåande skulestruktur som tilfredsstiller lokalsamfunna og næringslivet sine behov. Andre viktig tema i denne debatten er samarbeid om fagtilbodet mellom skulane. Like eins må vidare og etterutdanning få eit sterkare fokus.
Ved å sette elevane meir i fokus og syte for at flest mogeleg får bu lengst mogeleg heime, er vi trygge på at vi kan utvikle ein god, tenleg og framtidsretta vidaregåande skule i fylket vårt. Elevane i den vidaregåande skulen er ein dei viktigaste ressursane for lokalsamfunna våre. Sogn og Fjordane Arbeidarparti ynskjer dialog med kommunar, partilag, organisasjonar, fagrørsla og næringslivet om utfordringane til den vidaregåande skulen i fylket vårt.



Nils Støyva
-fylkesleiar i Ap-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar