mandag 4. april 2011

Mobbing må ikkje førekome

For nokre veker sidan inngjekk regjeringa og ei rekkje organisasjonar eit nytt og utvida ”manifest mot mobbing”. Gjennom dette manifestet forpliktar regjeringa og samarbeidspartnarane seg til å arbeide for at alle barn skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.
Mange barn og unge også i Stryn kommune opplever eller har opplevd å bli mobba. Følelsen av å bli halden utanfor leiken og kameratflokken eller rett og slett å bli uthengt eller latterleggjort, er ikkje til å leve med. På landsbasis er det gjennomført granskingar som viser at fem–seks prosent av alle barn blir utsett for mobbing på ein eller annan måte. Målet må vere at alle skal glede seg til å gå på skulen. Ingen skal vere redde for å oppleve mobbing på bussen, på skulevegen, i friminutta eller på fritidsaktivitetane.
Det er dei vaksne sitt ansvar å hindre mobbing og skape tryggleik. Vi må som foreldre snakke om dette og fortelje kvifor det er viktig å behandle klassekameratar og vener på ein god og respektfull måte. Dei vaksne må opptre som forbilde for barna. Som medmenneske må vi gripe inn om noko skjer og reagere om vi ser eller opplever mobbing. Alle har vi eit ansvar for at barn skal vere trygge for mobbing.
Vi ser dessutan at mobbinga føregår på nye måtar. Vi veit at mange barn i alderen 9-16 år seier at dei har blitt mobba gjennom elektroniske medium som facebook og twitter. Andre opplever det same gjennom mobiltelefonen. Digital mobbing er vanskeleg å avdekke. Ofte manglar vaksne den nødvendige teknologiske kompetansen for å kunne avsløre denne typen mobbing.
Opplæringslova §9A set krav til at alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø, m.a. eit miljø fritt for mobbing. Stryn kommune har utarbeidd rutinar for å handtere dette. Blir mobbing oppdaga, er det krav om at skulen skal følgje dette opp med enkeltvedtak og tiltak.
Det er også viktig at skulane og barnehagane arbeider for å førebygge mobbing. Dei flste har eigne program for dette. Stryn er også ein MOT-kommune.
Stryn kommune vil i tida framover følgje opp manifestet mot mobbing. Underteikna og administrasjonen vil arbeide saman med grunnskulane, barnehagane og barnevernet for å sette fokus på førebyggande arbeid og konkrete tiltak i ulike situasjonar. Det er viktig at foreldre, undervisningspersonale, folkevalde, trenarar og andre som er i kontakt med barn og unge føl opp dette. Vi kan kvar på vår plass gjere ein innsats for å få vekk dette uvesenet.

Stryn 29.03.2011



Nils Støyva
-ordførar-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar