torsdag 7. april 2011

Stad skipstunnel - innlegg på landsmøtet i DNA 2011.

Dirigentar, partileiar, landsmøteutsendingar.

Utbygging og trygging av samferdsla er ein av dei viktigaste faktorane for å lukkast med næringsutvikling og få til folketalsvekst. Stamvegane og fylkesvegane er ein viktig del av kommunikasjonane våre. Skipsleia langs kysten er ein annan viktig del av samferdsla, som etter mitt syn får alt for lite merksemd. Utbetring av skipsleia er no kome inn som ein viktig del av Nasjonal Transportplan (NTP) på line med jernbane og vegar.

Midt i skipsleia langs kysten av Sogn og Fjordane ligg Stadhalvøya. Denne halvøya som stikk fleire mil ut i havet i Selje kommune, fører til at all skipstrafikken langs kysten må passere på utsida av Stad via Stadhavet. Stadhavet er kjent som eit av dei farlegaste og mest verharde sjøområda langs kysten vår. Dette havstykket set også ein stoppar for trafikk med mindre båtar, samt hurtigbåttrafikk mellom Vestlandet og Møre og Romsdal. Om lag 20.000 båtar passerar Stad kvart år. Ved å bygge ein skipstunnel på 1700 m vil skipsfarten unngå det farlege havstykket rundt Stad. Tunnelen som er planlagt vil bli 49 meter høg og 36 meter brei.

Tryggleik for sjøfarande, færre båtforlis og nytteverdi for næringslivet er viktige argument for å få bygt denne tunnelen. Men eg vil også drage fram miljøeffektar og auka reiselivsaktivitet. For ein region som slit med nedgang i folketalet og som har dårleg infrastruktur, vil tunnelen bety svært mykje og skape eit meir attraktivt bu- og arbeidsområde. Stad skipstunnel vil knyte saman kysten av Vestlandet på ein heilt ny måte, med nye kommunikasjonar til nytte både for innbyggjarar, næringsliv og turistar.

Sjølv om Kystverket i si konseptvalutgreiing konkluderer negativt, er det viktig å presisere at det er opp til Regjeringa og Stortinget å vege opp dei prissette konsekvensane mot dei ikkje-prissette konsekvensane av tunnelen. Ein fersk rapport frå SINTEF Bedriftsutvikling, som har teke omsyn til fleire moment enn Kystverket, viser at prosjektet vil ha stor samfunns-økonomisk nytte.

Arbeidarpartiet må sjå alle ringverknadane av prosjektet, og gå inn for bygging. Saka har vore vurdert i over 20 år med 17 ulike utgreiingar. No er det på høg tid at vi set handling ut i livet og at Arbeidarpartiet viser seg som det samferdslepartiet vi er. Dette er ei politisk sak, som skal avgjerast av politikarar som vil noko med kysten vår. Stad Skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt som må løftast opp og få ei særskild statleg finansiering.

For å få realisert Stad Skipstunnel er det heilt avgjerande at Arbeidarpartiet støttar LO i kravet om å få bygd tunnelen. Fylkespartia til Arbeidarpartiet i Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal har støtta Sogn og Fjordane i prosjektet.



Nils Støyva
-fylkesleiar-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar