torsdag 17. mars 2011

Vi har trong for eit nasjonalt idrettsløft for barn og unge!




Det er på tide å endre tippenøkkelen slik at staten sin del av overskotet til Norsk Tipping blir fasa ut over åra 2013 og 2014. Gjennom dette grepet vil idretten få tilført 500-600 millionar kroner meir kvart år, utan at det går utover kultursatsinga. Vi vil dermed få eit idrettsløft som heile Noreg vil kunne glede seg over!

Sidan den raudgrøne regjeringa tok over i 2005 er det gjennomført eit nasjonalt kulturløft. Dette har resultert i stor auke i løyvingane til kultur og frivillig arbeid. Dette arbeidet må halde fram, og målet om at ein prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturføremål må ligge fast. No er det likevel også på tide med eit eige idrettsløft.

Kvifor er dette viktig? Argumenta er mange og gode:

• Norsk idrett peikar på etterslepet i spelemidlar til idrettsanlegg som den mest hemmande og avgrensande faktoren for barne- og ungdomsidretten.

• I mange delar av landet vårt er mangelen på idrettsanlegg stor. Mange idrettar kan vise til ein direkte samanheng mellom etablering av idrettsanlegg og deltaking i dei lokale aktivitetstilboda.

• Spelemidlar til idrettsanlegg dekkjer ikkje berre den organiserte idretten sine behov, men er viktig for å finansiere lysløyper, symjehallar og isbaner og kjem såleis heile folket til gode.

• Køen er i dag på 4-6 år, og utbyggjarane må enten finansiere anlegga mellombels, noko som er dyrt, eller utsette prosjekta.

• I dag er etterslepet på minst to milliardar kroner. Forlaget vårt vil gjere det mogeleg å fjerne etterslepet over ein 4-årsperiode.

• Bygging av idrettsanlegg er ikkje ei lovpålagt oppgåve for kommunane. Difor er ekstern finansiering heilt naudsynt. Slik finansiering blir ein slags utløysande faktor for bygging.

• Sjølv om spelemidlane utgjer ein avgrensa del av den samla finansieringa, inneber ordninga både ei kvalitetssikring og toppfinansiering, og er viktig som stimulans for både idrettslagseigde og offentleg eigde anleggsprosjekt.

• Forslaget vil gje rom for også å løyse finansieringa og drifta av nasjonalanlegga. Det har lenge vore ei politisk krevjande utfordring.

• På lang sikt vil forslaget gje naudsynt rom og tryggleik for idretten si langsiktige finansiering, både sentralt og gjennom lokale aktivitetsmidlar.

Da forbodet mot dei sterkt problematiske speleautomatane blei innført i 2007, blei dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane som hadde hatt inntekter av automatane, teke inn som ein del av tippenøkkelen. Idretten viste eit stort samfunnsansvar ved ikkje å motsette seg denne endringa.

Fordelinga av spelemidlar gjennom tippenøkkelen er i dag slik: 45,5 prosent til idrett, 18 prosent til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, 36,5 prosent til kultur. Av dette går 12,2 prosent til frivillig kulturarbeid og 24,3 prosent til statskassa.

Idrettsanlegg er ein viktig del av samfunnet sin infrastruktur. Fleire gode og funksjonelle idrettsanlegg vil vere eit viktig bidrag til å auke den fysiske aktiviteten for folket, sikre gode oppvekstmiljø for born og unge, og etablere gode møteplassar i nærmiljøet. I tillegg stimulerer det til frivillig arbeid i samfunnet, og skaper tillit og ei positiv opplæring i leiarskap.

Samfunnet brukar i dag langt over 100 milliardar kroner til spesialisthelsetenester og andre tiltak innan helsesektoren. Desse midlane blir i hovudsak brukt på behandling og ”reperasjon” av sjukdommar og skadar. Lite blir nytta til førebygging. I den nye samhandlingsreforma vil førebygging få ein mykje breiare plass i helsevesenet. Idrett og fysisk aktivitet er noko av det beste førebyggande arbeidet vi har. Idretten må difor koplast til og bli ein viktig del av samhandlingsreforma.

Vi har i dag store utfordringar på anleggssida. Det er fire til fem års ventetid på utbetaling av spelemidlar til idrettsanlegg, og på landsbasis aukar etterslepet med omlag 200 mill. kroner kvart år. I og med at det har vore sett eit fast kronebeløp som måltal for overskotet til Norsk Tipping, har den reelle løyvinga til idretten gått ned.

For å redusere etterslepet på idrettsanlegg, må tippenøkkelen endrast slik at idretten får ein større del av overskotet. Også det lokale, frivillige kulturlivet bør få eit løft gjennom ei slik endring. Dette kan gjennomførast ved at delen som i dag går til statskassa, blir fordelt på idrett og lokalt frivillig kulturliv. Det må vere ein klår føresetnad at denne endringa ikkje går ut over kulturløftet si målsetting om at løyvingane over statsbudsjettet til kultur skal utgjøre minst 1 prosent av det totale budsjettet.

Ei slik endring vil også vil styrke Norsk Tipping sin legitimitet ved at heile overskotet blir nytta til tiltak som styrker kultur, idrett og frivillig arbeid. Det kan såleis ikkje lenger bli argumentert med at delar av tippeoverskotet går rett i statskassa.

Kulturen er i ferd med å få sitt velfortente løft. No står idretten for tur!

av
Nils Støyva, ordførar i Stryn og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap.
Tom Tvedt, fylkesordførar i Rogaland (Ap)
Harald Schjelderup, byrådsleiarkandidat i Bergen Ap

2 kommentarer:

  1. Når de skriv at "delen som i dag går til statskassa" skal fordelast på idrett og lokalt frivillig kulturliv, tenker de på kulturen sin tredjedel av tippemiddeloverskotet, som i dag blir kanalisert gjennom Kulturdepartementet sitt budsjett? Her kamuflert som "statskassa?"

    Meiner de dermed at idretten skal få 69,8% og kulturen 12,2% av tippemiddeloverskotet? At dette blir meir rettferdig? De meiner t.d. at dei 125millionar kronene som i dag går til lokalt kulturarbeid i Frifondmidlar heller skal overførast til idretten? Fordi etterslepet på idretssanlegg er stort? Ja, eg berre spør.

    SvarSlett
  2. Takk for kommentar. Poenget er at den delen som går til kulturmidlar skal kompenserast med direkte løyvingar gjennom statsbudsjettet. Ingen kjem dermed til å tape på denne ommlegginga. Elles set eg pris på at du for ettertida ikkje skriv anonymt.

    Nils P Støyva

    SvarSlett