søndag 5. desember 2010

Arne M. Sølvberg er tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv



Arne M. Sølvberg frå Fjelli i Stryn kommune fekk går kveld tildelt H. M. Kongens Fortenestemedalje i sølv. Tildelinga skjedde i ungdomshuset Fjellvarden i samband med ein konsert for å markere at han Arne ”på Bøna” har runda 60 år. Det er Fjelljom Spelemannslag og med støtte frå Stryn kommune som står bak søknaden om utmerkinga..

Arne er fødd 30.11.1950. Han har gjennom eit langt og svært aktivt liv sett sterke spor etter seg i norsk folkemusikk, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Arne M.Sølvberg har vore ein av dei sterkaste drivkreftene for utvikling av folkemusikken i landet vårt dei siste 30-40 åra.

Han tok utdanning gjennom forsvaret. Etter nokre år med arbeid i Oslo, flytte Arne heim og overtok farsgarden på Fjelli i 1979. Gjennom sin stå på vilje og sitt sterke engasjement for folkemusikken, både som spelemann, komponist, dansar og instruktør, kan vi trygt slå fast at Arne M. Sølvberg har vore ein svært sentral person i norsk folkemusikk dei siste 40 åra.

Eg vil også trekke fram Arne sitt store engasjement i samfunnsbygging og politikk. Han har vore aktiv sauebonde, politikar, lagsarbeidar og skribent.
Arne har vore musikalsk leiar for Fjelljom sidan 1979. Han også har vore administrativ leiar for laget mest heile tida. Fjelljom er einaste spelemannslaget i Stryn, og medlemane kjem frå dei fleste bygdene i kommunen.

Det Arne M. Sølvberg er mest kjend for, er aktivitet innan folkemusikk og dans.
Eg vil spesielt trekkje fram følgjande område der han har utført ein jobb av både nasjonal og internasjonal verdi:
- Han er ein av dei få A-klassingar i kappleiksystemet både på hardingfele, vanleg fele og dans
- Han har vunne Landskappleiken på vanleg fele i 1989, og dans, saman med kona i 2004
- Undervisning på Ole Bull-akademiet på Voss, vanleg fele
- Sensor ved eksamen, Musikkhøgskulen i Oslo og Ole Bull-akademiet på Voss
- Har vore i styret for Landslaget for spelemenn
- Har vore leiar i Rådet for folkemusikk og dans, Trondheim (2004-2007)
- Fekk Spellemannsprisen for CD-en ”Nordfjordslåttar”
- Nominert til Spellemannsprisen 1990 saman med Øyvind Lyslo for ”Syngande strenger”
- Fekk oppdrag frå Landslaget for spelemenn og Noregs Ungdomslag å lage ein melodi til Kong Olav sin 80-årsdag
- Kongeslåtten vart spelt utanfor slottet i Oslo 2. juli 1983, med 150 spelemenn
- Representert fleire departement og organisasjonar i utlandet ved ei rekkje høve

Innsatsen som Arne M. Sølvberg har lagt ned for folkemusikken generelt, står det svært stor respekt av. Han har gjennom sin innsats og sitt engasjement og sin produksjon lagt ned ein innsats av særleg stor verdi for utviklinga av folkemusikken i fylket og landet. Han er å sjå på som ein av dei fremste folkemusikarane i landet og Kongens fortenestemedalje i sølv er svært fortent. Eg ynskjer lukke til med arbeidet innan dans, folkemusikk og andre samfunnsområde.


Stryn 05.12.2010.


Nils Støyva
-ordførar-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar