onsdag 23. mars 2011

Auka valfridom for småbarnsfamiliane er viktig



Dei siste tiåra har det skjedd ein kvinnerevolusjon i landet. For tretti år sidan var litt over førti prosent av norske kvinner i arbeid. Den andre halvparten var i hovudsak heimearbeidande husmødre som blei forsørgja av mannen.

I dag er heile 8 av 10 kvinner i yrkesaktiv alder ute i arbeid (79 prosent mellom 25-66 år). Nesten like mange kvinner som menn er i jobb. Norske kvinner er dei mest yrkesaktive i verda. I Tyrkia er berre 25 prosent av kvinnene yrkesaktive. I Italia og Spania er omlag 50 prosent av kvinnene er ute i arbeid. I tillegg veit vi at våre kvinner får fleire barn enn andre kvinner i Europa. Dette er vi stolte av!

Å kunne kombinere foreldrerolla med yrkesrolla er ei fantastisk moglegheit i landet vårt. Det er knapt andre land som har så gode ordningar for småbarnsforeldre som oss. Full barnehagedekning og maksimalpris for barnehageplass er noko av det viktigaste i tillegg til lang, løna foreldrepermisjon. Dette gjer det mogeleg å takke ja til både barn og yrkeskarriere. For Arbeidarpartiet er dette ein grunnleggande verdi. Ein av grunnane til at vi har så høgt velferdsnivå i dag er at så mange kvinner er i jobb og bidrar til verdiskapinga og fellesskapet. Mange land valfartar til Noreg for å sjå korleis dei kan kopiere den norske suksessen.

Foreldrepermisjonen gir både mor og far større valfridom. Begge skal ha høve til å gje omsorg til sine barn. Ved handsaminga av statsbudsjettet sist haust utvida dei raudgrøne partia fedrekvoten til 12 veker. Stadig fleire fedre veljer faktisk å ta ut meir permisjon enn dette. Fedrepermisjonen gir barn og far høve til å bli langt betre kjende med kvarandre det første året. Og det gir mor høve til å gå ut igjen i arbeid dersom ho skulle ønskje det. På denne måten er vi med å viske ut gamle, fastgrodde kjønnsroller.

Likestilt foreldreskap er ein nøkkelfaktor til valfriom. Arbeidarpartiet har som mål å utvide fedrekvota til 14 veker, og den samla permisjonstida til 48 veker, jf St.meld. 8 (2008-2009). Begge foreldra skal ha sjølvstendig opptening av permisjonsrettar, slik at økonomien ikkje skal vere til hinder for jamnare fordeling av permisjonen.

Saman med barnehagedekninga, låg barnehagepris, rett til fri når barna er sjuke, bredt likestillingsarbeid i arbeidslivet med vidare, har foreldrepermisjonen gitt både mor og far større reell valfridom. Frp og Høgre snakkar om å gje småbarnsforeldre valfridom. Arbeidarpartiet gjennomfører det i praksis.


Med helsing

Nils Støyva
-fylkesleiar i SF Ap-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar