mandag 11. juli 2011

Folketalsutvikling og arbeidsinnvandring


Folketalet i Stryn kommune hadde ved utgangen av 2010 auka med 51 til 7018 personar. Dette utgjer ein vekst på 0,73 % for kommunen. Tilsvarande auka folketalet i Sogn og Fjordane med 0,62 % og for landet under eitt utgjorde folketilveksten 1,28 %. Veksten i folketalet ser ut til å halde fram inn i 2011 ut frå dei oppdaterte tal som føreligg for 1. kvartal 2011. Tabellen under viser ein meir detaljert folketalsstatistikk for dei siste åra. Hovudgrunnen til at folketalet har vakse sidan 2007 er den store arbeidsinnvandringa til Stryn kommune. Nettotala for innvandring denne perioden ser slik ut: 2007: 97 personar, 2008: 116 personar, 2009: 116 personar, 2010: 90 personar. 11,6 % eller knappe 860 personar i Stryn kommune har bakgrunn som innvandrar. I Sogn og Fjordane er det berre Flora som har fleire personar med innvandrarbakgrunn. Også i nasjonal samanheng ligg vi høgt på denne statistikken.

År Fødselsoverskot Nettoflytting Årleg tilvekst Folketal 31.12 % endring
2007 15 50 65 6769 0,94 %
2008 19 56 75 6844 1,11 %
2009 32 93 123 6967 1,80 %
2010 25 26 51 7018 0,73 %

Av dei 816 personane med innvandringsbakgrunn, kjem heile 640 frå europeiske land. Dei baltiske landa, Polen, Slovakia og Sverige er landa som er sterkast representerte i Strynesamfunnet. 151 personar kjem frå Afrika eller Asia. Av desse 816 personane, kjem om lag 100 personar inn under kommunen sitt mottak av flyktningar. Dei fleste av flyktningane er i arbeid eller har språkopplæring.
Folketalsauken i Stryn og resten av fylket dei siste åra skuldast i stor grad arbeidsinnvandring. Hadde vi ikkje hatt denne arbeidsinnvandringa, ville folketalet gått tilbake.

Etter mi meining har våre nye landsmenn blitt ein viktig av lokalsamfunna våre. Arbeidsinnvandrarane er viktige fordi dei:
- er ein naudsynt del av arbeidskrafta til næringslivet
- aukar den lokale verdiskapinga
- held oppe og fører til folketalsauke
- er med på å halde oppe aktivitet i lag og organisasjonar
- aukar overføringa frå Staten til kommunane våre

Våre nye landmenn fører sjølvsagt også med seg utfordringar, som nye krav til offentleg forvaltning, språk og kulturforskjellar. Dette får eg kome attende til seinare. Men alt i alt er arbeidsinnvandringa positivt for lokalsamfunna i fylket vårt. Likevel er det viktig at vi alle legg vekt på å gjere våre nye landsmenn til ein del av ”bygda” vår. Inkludering og integrering er viktige stikkord som både eg og du må følgje opp.


Med helsing

Nils Støyva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar