fredag 2. april 2010

Kulturprisen i Stryn til Ol-vinnar Tarjei Bø


Appell i samband med markeringa av OL gull til Tarjei Bø i Stryn sentrum 30.03.2010.

Fylkesordførar, Tarjei Bø, inviterte gjester og idrettsvenner.

I dag er eg ein stolt, glad og kry ordførar. Vi skal markere at Stryn kommune har fått ein gullvinnar i OL. Ein annan som har vunne gull i Spesial Olympic Games, og heile sju idrettsutøvarar frå Stryn kommune som har vunne Noregsmeisterskap eller tilsvarande dei to siste åra.

Idretten har alltid stått sterkt her i indre Nordfjord. I alle grendelag av kommunen har vi aktive idrettslag med mange utøvarar som hevdar seg på nasjonalt toppnivå. Men ikkje minst har vi ein fantastisk breidde og masseidrett i bygdene våre. Halvparten av innbyggarane i fylket er medlem i eit idrettslag. Innanfor det frivillige arbeidet generelt og idretten spesielt blir det lagt ned eit fantastisk dugnadsarbeid. Berre i Stryn kommune er dugnadsarbeid innan idretten stipulert til om lag 60 årsverk. Eit fantastisk tal.
Kva hadde bygdene våre vore utan det frivillige arbeidet?

Utbygginga av dei mange idrettsanlegga i Stryn kommunen er det også grunn til å stoppe opp ved. Her vil eg særskilt drage fram utbyggingane som er gjennomførde av Veten il , Markane il og Stryn turn- og idrettslag. Desse laga har dei siste tiåra vore gjennom ei storstila utbygging av sine idrettsanlegg. Utan desse anlegga kunne vi ikkje fått fram alle desse utøvarane på høgt nasjonalt nivå. Anlegga er sjølvsagt bygde ut for å kunne gjennomføre internasjonale konkurransar.

Også på arrangementsida har idrettslag i kommunen vår utmerka seg på ein svært positiv måte.
Hardbagg il, Veten il , Markane il og Stryn turn- og idrettslag har alle gjennomført store nasjonale og internasjonale arrangement. Junior VM på ski i nordiske greiner er nok det største og mest prestisjefylte arrangementet som har blitt gjennomført til denne tid. Viss eg kjenner idrettslaga våre rett, er eg trygg på at store nasjonale og internasjonale arrangement vil bli gjennomført også i åra framover.

Idrett er også politikk. På nasjonalt nivå vert det i desse dagar brukt store ord om den planlagde samhandlingsreforma. Det blir snakka om at kommunane skal få 20 mrd til å gjennomføre denne reforma. Ein viktig del av reforma er førebyggande og helsefremmande arbeid. I staden for å bruke pengar på å reparere skal vi nytte ressursar på å førebygge. Etter mitt syn er idrett og førebyggande arbeid ein del av same sak. Idrettsrørsla gjer allereie eit fantastisk førbyggande- og helsefremmande arbeid.

Idretten er også ein viktig av våre sosiale aktivitetar og fritidssyslar. Når eg ser utover flokken veit eg at mange av oss – ja kanskje dei fleste- har brukt svært mykje tid på idrettsarbeid. Samfunnet vårt hadde vore mykje fattigare dersom vi ikkje hadde hatt ei så sterk idrettsrørsle i landet vårt. Det gler meg stort å sjå på den fantastiske aktiviteten vi har t.d. har i skiløypene- og bakkane. Eg er sjølvsagt klar over at mange av idrettsbanene og hallane våre har sprengd kapasitet. Trass i ei slunken kommunekasse meiner eg vi må strekke oss langt for å støtte idrettslaga i arbeidet for å kunne auke anleggskapasiteten.

I Stryn har vi opp gjennom åra hatt ei rekkje stor idrettsprestasjonar.Vi hugsar vel alle Per Knut Aaland sine resultat i langrennssportet på 70 og 80-talet. Vi har har hatt topp internasjonale prestasjonar til Tore Andre og Jostein Flo på fotballbana. Men den største idrettprestasjonen fekk vi nok i Vancouver i vinter. Stemninga i kulturhuset under stafetten var til å ta å føle på. Då Tarjei rykka i frå Ørsterike og Russland på siste sløyfa var det som taket ville lette i kulturhuset. Ei stemning og spenning utan sidestykke. Takk skal du ha Tarjei. Du er velkomen heim til Fagre Stryn rett frå Khanty Mansiysk i Sibir. (Foto: Ove Svven)


Stryn 30.03.2010

Nils Støyva-ordførar-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar