onsdag 17. november 2010

Dyrevelferd er viktig.

Det har i den seinare tid vore stort fokus på dyrevelferd. Vi har igjen fått avsløring på at deler av pelsdyrnæringa ikkje tek omsyn til dyra sine fundamentale behov. Vi har igjen sett groteske bilde av pelsdyr med avrivne bein, avkutta øyre og rompe samt store opne sår. Stygge og skremande bilde frå ei næring som ikkje tek omsyn til dyra sitt ve og vel.

På landsmøtet til Arbeidarparitet våren 2009 vart det etter ein lang debatt vedteke at dei statleg tilskotordningane til pelsdyrnæringa skulle halde fram. Dette trass i at innstillinga frå programnemnda var ei anna. Dei fleste i Sogn og Fjordane Arbeidarparti sin delegasjon stemde for at tilskotsordningane skulle halde fram. Omsynet til ei viktig distriktsnæring vog tungt for mange i delegasjonen frå Fjordafylket. Føresetnaden var likevel at behandlinga av pelsdyra skal skje med omsorg og respekt. Ved sjukdom og skade må dyra behandlast på ein langt betre måte enn vi har sett gjennom media dei siste dagane. Pelsdyra har sjølvsagt krav på forsvarleg hjelp og behandling ved sjukdom og skade. Pelsdyra må kunne leve eit verdig liv i eit trygt og godt miljø.

Mange av oppdrettarane tek dette på alvor. Men avsløringane den seinare tid har likevel avdekka at deler av næringa driv på ein skadeleg og ulovleg måte. Mattilsynet må følgje opp pelsdyrgardane med uanmelde inspeksjonar og kraftige reaksjonar overfor eigarar som ikkje følgjer loveverket. Dersom næringa ikkje ryddar opp i dette straks, ser eg ikkje anna råd ein at staten må ta bort alle støtteordningar til næringa eller vurdere å forby næringa. Vi kan ikkje leve med ei næring som påfører dyra store lidingar og set dyrevelferda i vanry.


Med helsing

Nils Støyva
-fylkesleiar, Ap-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar