"Stryn framstår som eit døme på at lokale handlingsval over tid har generert ein næringsstruktur og eit handlingsrom som er annleis enn i mange andre bygdekommunar som på 1950- eller 1960-talet var nokså like Stryn.”
”Gjennom ein vellukka industriutbyggings-strategi og satsing på reiseliv har lokale aktørar skapt eit sjølvberande næringsmiljø med evne til å konkurrere i fleire bransjar. Dette er resultatet av ei lang rekke handlingsval i kommunen, i det lokale næringslivet og i samspel mellom kommune og næringsliv. I Stryn kan vi seie at stor lokal handlingskapasitet over tid har auka det lokale handlingsrommet."
I 2001 vart samarbeidsorganet ”samforum” fast etablert. Kommunen, næringshagen og Stryn næringssamskipnad møtest fast kvar sjette veke for å drøfte felles saker, prosjekt, planar m.m.
Samforum har følgjande innhald:
- koordinering og samordning av felles tiltak
- utveksling av informasjon
- uformell tenking/drøfting
- orientering om søknader, invitasjonar og prosjekt
- samordning av synspunkt på kommunale og fylkeskommunale planar
- koordinering av framstøyt mot Staten, fylkeskommunen.
Sjå elles følgjande informasjon på heimesidene til Stryn næringshage:
http://www.stryn-nh.no/index.php?f=08050124&sid=3&eid=131&spid=268&id=10346
Stryn 11.08.2010
Nils Støyva
-ordførar-